
FILMFAKTA
Captain America: the Winter Soldier (Blu-ray)
Walt Disney Company Nordic AB / 2014 / 136 min
Video: 1080p HD 16x9 2.40:1
Audio: DTS-HDMA 7.1
Utgivingsdato: 13.08.2014
HANDLING
Når S.H.I.E.L.D. blir angripe blir Captain America (Chris Evans) dratt inn i eit nett av intriger som truer heile menneskeheita. Eit komplott blir oppdaga og saman med Black Widow (Scarlett Johanson) og The Falcon (Anthony Mackie) må Cap bekjempe fiendens mektigaste våpen så langt – The Winter Soldier.
Den andre filmen om Captain America held det same gode nivået som den første.
Filmen:
Captain America er eldre enn dei fleste andre Marvel-superheltar som framleis held koken. Han blei skapt av Joe Simon og Jack Kirby alt i 1941, noko som gjer han til ein av få noverande Marvel-filmheltar som ikkje er skapt av Stan Lee. Han blei skapt som ein patriotisk helt som var veldig populær i krigsåra, og det var spesielt interessant at figuren aktivt sloss mot Aksemaktene i historiene som blei publisert. Kvaliteten på historiene var også veldig bra, og han var ein av dei mest populære serieheltane i Amerika i fleire år. Populariteten sank sakte men sikkert etter at krigen var over og figuren fekk andre typar historier, og bladet gjekk inn i 1950. Det var Marvel som bragte han tilbake på 60-talet som ein del av den nye bølga med heltar selskapet lanserte på den tida, og figuren har vore i publikasjon meir eller mindre sidan.
The First Avenger frå 2011 lanserte den nye filmserien om Captain America. Den var lagt til 40-talet akkurat som den opprinnelege teikneserien, men kapteinen blei som forventa fryst ned i isen på slutten av filmen og vakna altså opp igjen i vår tid. Etter eit solid mellomspel i filmen The Avengers frå 2012 sit vi no her med den andre sjølvstendige filmen om Captain America. Handlinga er lagt til to år etter handlinga i The Avengers. Meir enn det som skjedde der er dette først og fremst ein oppfølgar til hendingane i The First Avenger.
Chris Evans er tilbake i rolla som Steve Rogers/Captain America, og han gjer som sist ein flott innsats i hovedrolla. Rogers forsøker så godt han kan å tilpasse seg det moderne samfunnet, der han bur i den amerikanske hovedstaden Washington. Når ein S.H.I.E.L.D.-agent blir drept blir Rogers involvert i eit mysterium som ser ut til å stikke veldig djupt i organisasjonen. Saman med Natasha Romanoff/Black Widow (Scarlett Johansson) prøver han å finne ut kva som skjer og kven som står bak, og han oppdagar snart at han ikkje kan stole på nokon.
Manusforfatterane Christopher Markus og Stephen McFeely har valgt konspirasjonssjangeren som mal for denne andre Captain America-filmen, og har nemnt 70-talsfilmar som Three Days of the Condor, The Parallax View og Marathon Man som inspirasjonskjelder. Resultatet har blitt ein film med drivande spaning og langt større og djupare intriger enn ein kanskje venter seg frå filmar med den litt nedlatande merkelappen «superheltfilm».
Regien er ved Anthony og Joe Russo, som nok framleis er mest kjent for komedia You, Me and Dupree (2006) og elles har jobba på eit utal TV-seriar. Om dette kanskje ikkje umiddelbart får meg til å tenke på dei som naturlege val til regissør av Captain America-filmar har nok nokon sett potensialet som låg i dei, og regissørane har definitivt nytta sjansen som blei tildelt dei. Dei har levert ein film med driv, god framdrift og med knakande god historieforteljing. At dei også har fått oppdraget med å regissere den neste Captain America-filmen (planlagt utgiving 2016) seier også sitt om at filmstudioet er veldig godt nøgd med innsatsen.
Samuel L. Jackson har vore ein gjengangar i dei fleste Marvel-filmane, i kraft av rollefiguren Nick Fury som er leder for den mektige etterretningsorganisasjonen S.H.I.E.L.D. Han har ei større rolle i denne filmen sidan det i større grad handlar om denne organisasjonen. I andre roller finner vi som nemnt Scarlett Johansson som gjentek rolla frå The Avengers som Black Widow, Anthony Mackie frå The Hurt Locker (2008) i rolla som Falcon, Frank Grillo frå Warrior (2011) i rollen som Brock Rumlow – og veteranen Robert Redford speler Alexander Pierce, ein av ledarane i S.H.I.E.L.D. Det er eit smart trekk å ha med Redford, sidan han (i tillegg til å være ein god skodespelar) var med i filmen Three Days of the Condor som er ein av sjangerfilmane frå 70-talet som var inspirasjonskjelda for The Winter Soldier.
Musikken til filmen er laga av Henry Jackman, som tidlegare har laga musikken til filmar som X-Men: First Class (2011), Wreck-It Ralph (2012) og Captain Phillips (2013). Jackman har vist mange gongar at han kan sitt handverk, og leverer også her musikk som passar som hand i hanske til den aktuelle scena.
The Winter Soldier hadde verdenspremiere den 26. mars og blei ein kritiker- og publikumssuksess. I skrivande stund er filmen den fjerde mest inntjenande tittelen på verdsbasis i 2014. Ein oppfølgar er på planleggingsstadet, men planane er ganske konkrete og peiker alt på ei lansering den 6. mai 2016. Og Chris Evans blir garantert med vidare, sidan han har skreve kontrakt på å spele rolla i heile seks filmar.
Blu-ray disken:
Filmen kjem i vanleg blått slimline plastomslag med BD-logo. Innhaldet er ein enkel Blu-ray disk i region A/B/C.
Omslagsbildet er kinoplakaten på alle måtar, og det ser veldig bra ut Langs den øvste kanten har vi dei største skodespelarnamna med tittelen under i større typer. Heilt nedst har vi taglinja «The return of the first avenger» som i tillegg til sjølve kapteinen også henspegler på den første filmen. Baksida på omslaget har enkel omtale av filmen (på samtlege nordiske språk for sikkerheits skuld), bilder, ei oversikt over ekstramaterialet, samt vanleg kreditering og faktabokser.
Ved oppstart av disken går ein i tur og orden gjennom ein språkvalgsmeny, ein Marvel-logofilm, og forfilmen til Guardians of the Galaxy. Deretter er ein i hovedmenyen, som er pen med grafikk og videoglimt frå filmen over filmmusikk. Menyen er på engelsk uansett valgt språk, og ein kan velje mellom «Play», «Bonus features» (sjå under), «Scene selection», «Set up» og «Sneak peeks» (i praksis kun Guardians-traileren ein gong til).
Bildet (2D-versjonen):
The Winter Soldier kjem på Blu-ray med ei AVC MPEG 4-enkoding i den opprinnelege aspektraten på 2.40:1. Eg har vurdert 2D-utgåva, og la oss berre kome med konklusjonen umiddelbart: filmen er demomateriale av ypperste klasse.
Filmen ser perfekt ut nesten same kva setting det er snakk om. Filmskaparane, med kinematograf Trent Opaloch i spissen, har filma ein nydelig film som også har fått dei flottaste effektane tilgjengelige i dag. Bortimot samtlege sett ser nydelige og detaljrike ut, og dette blir fulgt opp på detaljnivå. Alle mindre detaljar, frå teksturane i bekledninga til hårstrå og sveittedropar, stig fram med ei klarheit som kunne ha avslørt svakheiter, men produsentane har gjort jobben og eg kan ikkje seie at eg ser nokon.
Dei svarte tonane er skarpe og som henta frå den djupaste avgrunn. Fargane er sterke og vibrante, og sjølv «hudtesten» (overgangane frå skodespelarane sine hudtonar til bekledning, som ofte kan være smått problematiske) får godkjent og vel så det.
Marvel har som vanleg lagt lista høgt og begynner å få ei svært god merittliste for kvaliteten på filmane sine. Det har blitt slik at når ein ny film har «Marvel» på omslaget, veit ein at ein får eit produkt som representerer det ypperste i visuell kvalitet. Og lyden er ofte ikkje langt bak. Apropos…
Lyden (5.1-oppsett):
Det visuelle blir fulgt opp av eit 7.1 DTS-HD Master Audio lydspor, og lydkvaliteten lever opp til det solide visuelle nivået. Nye blockbuster-titlar blir forventa å være perfekte i dag, og The Winter Soldier er ein av dei som faktisk lykkast. Eit godt lydspor blander det atmosfæriske med det eksplosive for å lage ein god dynamikk, og denne filmen skrur både opp og ned intensteten med akkurat rette følsomheita.
Å sitje i midten av lydkakefonien er overveldande. Ikkje på grunn av volum, men fordi lyddesignet er utruleg inkluderande og med på å gi kjensla av å være der det skjer. Det kjens naturlig, og ein blir ikkje bombardert med lydar berre fordi nokon ønsker å imponere med det i seg sjølv. I staden høyrer ein alskens underlige lydar, og av og til høyrer ein noko før ein ser det (når hovedpersonen også gjer det) med retningsantyding. Det er nesten så ein tek seg i å snu seg mot den aktuelle retninga av og til for å sjå kva det er som lager lyden.
Dialogen er alltid klar og tydeleg, sjølv i dei mest intense actionsekvensane. Lyden følger bildet med sylskarp presisjon, noko som merkast veldig godt når bildet zoomar inn og ut og lyden alltid følger med kameraets posisjon. Filmen når eit stort klimaks i ein utruleg sekvens høgt over bakken som gjer at LFE-boksa nesten tek av der den står og rumlar og rister. Nabovarsel kan bli naudsynt!
Bonusmateriell:
Ei lita dose bonusmateriale får ein på denne disken:
- Kommentarspor med regissørane Anthony og Joe Russo, samt manusforfattarane Christopher Markus og Stephen McFeely. Dette er stort sett underhaldande og dei deler villig av dei finurlige slutningane som gjorde at filmen blei som den blei.
- On the Front Line: An Inside Look at Captain America’s Battlegrounds (10 minutt). Ein EPK (elektronisk press kit) som presenterer filmen, med fokus på stuntsekvensane samt arbeidet med å gjere denne Marvel-filmen til noko meir enn «berre ein actionfilm».
- Steve Rogers’ Notebook (3 minutt). Kvar region der filmen blir lansert får sin eigen vesle del av kapteinen si notatbok, der han noterer ned kulturelle hendingar han gjekk glipp av medan han låg nedfrosen i isen.
- Sletta og utvida scener (4 minutt). Ein kan velge å sjå desse med kommentarspor av regissørane. Interessant, men kjensla av at det må finnes meir enn dette er meir enn berre litt sterk.
- Bloopers og gag reel (3 minutt). Ofte favorittbonusen min, og denne er definitivt morsom. Sjekk t.d. sekvensen der Robert Redford ved eit uhell nemner Supermann.
- On Set with Anthony Mackie: Cut the Check! (2 minutt). Om Mackie si favorittfrase som han brukar når han har gjort det bra. Morsom snutt, men på grensa til litt for intern.
Sjølve kategoriane ein får servert er bra, men problemet er at det til sjuande og sist er snakk om til dels veldig små porsjonar. Eg saknar m.a. ein meir definitiv bakomfilm. EPK’en dekker litt av dette behovet, men dersom den er tenkt å være noko meir enn ein EPK er den i tilfelle alt for kort. Det same gjeld mykje av resten, det virkar så snaut. At det berre fins 3-4 minutt med sletta scener, og det same for bloopers, er til å stusse over.
Isolert sett er dette for så vidt «godkjent minus». Men i konteksten Marvel-produksjonar er ein vant til å få mykje meir enn dette, så litt småskuffa kan den blaserte fort bli.
Oppsummering:
Den første Captain America-filmen The First Avenger var viden annerkjent som ein av dei beste Marvel-filmane i den nye kronologien frå rundt dei siste ti åra. Så kan onde tunger alltids diskutere om dette skuldast filmens eksepsjonelt gode kvaliteter eller dei andres manglande sådanne, men faktum er uansett at The Winter Soldier er ein veldig god oppfølgar som har fått veldig positive tilbakemeldingar både frå kritikarane og publikum (i skrivande stund er den rangert 7,9 av brukarane på IMDb, mot den første filmens 6,8).
Samtidig er Captain America ein figur som i teikneseriesamanheng har slitt litt i motbakke dei siste åra. Faren med å la ein seriefigur være så sterkt assosiert med eit einskild land er at der patriotismen kan gjere figuren meir populær til tider, kan dette virke mot si effekt andre stader. Og ikkje berre utanfor heimlandet slik ein kanskje skulle tru. I tider der amerikanarar flest er misnøgde med måten landet blir styrt på og operasjonar landet måtte være involvert i, slår det også negativt ut for figurar som Captain America, som til sjuande og sist representerer landet sitt. «Alle» kan identifisere seg med den blakke og uheldige Peter Parker/Spider-Man, men dei sterke koplingane til Amerika og patriotismen slår annleis ut i tilfellet Cap. Dette gjekk så langt at figuren blei drept i teikneserien i 2007. Ein skal hugse at ein figurs død ikkje treng å være endelig i teikneserieuniverset, og det har endåtil vist seg å være gull verdt for seriens popularitet å ta ein figur av dage. Cap vendte også etter kvart tilbake i 2009, og med filmane sin nye suksess burde det være borga for mange fleire suksessfulle år også i bladform.
The Winter Soldier lykkast i å gjere det umoglege: å tilfredstille veldig mange publikumssegment samtidig. Fans av superheltsjangeren får sjølvsagt sitt, men også fans av konspirasjonsfilm og spionthrillers – eller rett og slett fans av god action – får i pose og sekk her. Filmen favner breidt utan å måtte inngå kompromiss for å få det til. Teknisk sett er dessutan dette ein perfekt Blu-ray som utan problem kan brukast som demodisk om du vil vise kva oppsettet ditt er godt for. Ein skulle kanskje ønska seg hakket meir bonusmateriale, sidan ein eigentleg kun får akkurat nok til at ein unngår å føle seg snytt. Totalpakka er uansett god og filmen er høgt anbefalt.
Karakterar:
Filmen: 5
Bilde: 6
Lyd: 6
Bonus: 3
RSS