
Karsten og Petra på vinterferie (Blu-ray)
SF Norge / 2914 / 75 min
Video: 1080p 1.85:1
Audio: DTS-HD MA og Dolby Digital 5.1
Utgivingsdato: 15.10.2014
FILMFAKTA
Basert på boka til Tor Åge Bringsværd
HANDLING
Dei to bestevennane reiser på hyttetur med morfar og Esther. Kosedyra, frøken Kanin og Løveungen, er sjølvsagt med. I ei heil veke skal dei gå masse på ski og øve seg på å stå i nedoverbakke. Men Karsten er ikkje så flink til å gå på ski, og synes at bakken er litt skummel.
På nabohytta bor Petter, han er både tøff og flink til å stå på ski. Karsten trur at Petra er meir opptatt av Petter enn av han, og bestemmer seg for å delta i eit hopprenn – for å vise Petra at han er like flink som Petter.
Karsten og Petra er tilbake etter den eventyrlige suksessen til den første filmen og TV-serien. Denne gangen reiser dei på vinterferie og opplever meir dramatikk enn nokon gong.
Videogramfakta:
Karsten og Petra på vinterferie (Blu-ray)
SF Norge / 2914 / 75 min
Video: 1080p 1.85:1
Audio: DTS-HD MA og Dolby Digital 5.1
Utgivingsdato: 15.10.2014
Filmen:
Den andre spelefilmen om Karsten og Petra blei kinolansert februar 2014 og kjem på DVD og Blu-ray i desse dagar, men blei produsert ikkje så alt for lenge etter den første filmen Karsten og Petra blir bestevenner (kinolansert våren 2013), og TV-serien på 12 episodar (sendt hausten 2013). Vi har omtalt begge desse på High-def.no tidlegare.
Den kjende bokserien til Tor Åge Bringsværd har fått ein glimrande adapsjon med gode skodespelarar. Har ein sett den første filmen samt TV-serien veit ein akkurat kva ein går til. Formelen er den same, og det er same skodespelarane og produksjonsteamet som står bak denne filmen også.
Barna i dei to hovedrollene (Nora Amundsen og Elias Søvold-Simonsen) imponerte i dei tidlegare produksjonane, og dei gjer ei like god innsats i denne filmen. Dei er sjarmerande, sjølvsikre, formidlar godt, har uttrykksfulle fjes, og framstår som veldig genuine. Då er veldig mykje gjort for min del. Det er også tydelig å sjå at dei to skodespelarane blir stadig tryggare foran kameraet.
Dei vaksne skodespelarane kjenner vi sjølvsagt bedre til, og sjølv om dei også gjer ein jamnt over god jobb er folk som Janne Formoe og Hilde Lyrån såpass velkjende frå andre stader at det kan bryte illusjonen. Det blir meir “ah, der er Hilde Lyrån” i staden for “ah, der er mammaen til Karsten”. Men det skal ein ikkje halde mot dei, for dei gjer jobben vél så det. Det fungerer nok uansett heilt utmerket for målgruppa til filmen, som sikkert for evig vil tenke på desse skodespelarane i forhold til rollene i denne filmen.
Eg har framheva Ivar Nørve som Petras sin morfar tidlegare, og no gjer eg det igjen. I langt større grad enn dei fleste andre vaksne i filmen er han svært god i samspelet med barna, så det er ein styrke i denne filmen at denne rolla er desto meir med. Han har akkurat det glimtet i auget som ein bestefar skal ha, og er akkurat barnslig nok til å være på bølgelengde med barna.
Filmen har ei herlig blanding av fantasi og realisme, og dei to kosedyra frøken Kanin og Løveungen bidreg til å gjere filmen meir fantasifull og morsom.
Filmen startar med å introdusere eit meir alvorlig tema enn tidlegare då det blir klart at foreldra til Karsten krangler. Mykje. Og å sjå dette frå synsvinkelen til barna (noko heile filmen gjer) er definitivt noko som fører til ettertanke hos det vaksne publikum også. Karsten er rett og slett bekymra for at foreldra skal skilje seg.
Heldigvis får Karsten og Petra være med morfar og morfar sin kjæreste Esther på hyttetur ei veke, men det blir trøbbel der også. Karsten tenker ofte på foreldra sine krangelar og blir bekymra, tankefull og meir inneslutta enn vanleg. Han vil dog ikkje øydelegge ferien og seier at han har vondt i magen når nokon spør kva som er galt. Petra forstår på si side ikkje kvifor Karsten er så rar, og blir irritert over oppførselen hans. I tillegg synes Karsten at Petra gir alt for mykje oppmerksomheit til naboguten Petter, som er langt flinkare enn Karsten til å stå på ski og ein lystigare kamerat enn det Karsten er. Dette fører til ein krangel også mellom Karsten og Petra, som kulminerer i at dei ikkje vil være venner meir. Tematikken i filmen går altså igjen på fleire plan.
Karsten får etterkvart ein plan: for å vise at han er like flink som Petter melder han seg på det store hopprennet i bakken like ved, og legg avgarde utan at nokon er klar over det. Det einaste problemet er at han aldri har hoppa i stor bakke før… Det blir ei dramatisk finale i filmen, men ingen skal tvile på at det går veldig bra til slutt.
Filmen inneheld akkurat som sist fleire gode songar komponert av Lars Kilevold. Det er god balanse mellom gamle melodiar (høyrt i dei tidlegare produksjonane) og heilt nye.
Arne Lindtner Næss regisserer også denne filmen, og har utan tvil eit godt forhold til borna. Han har gitt filmen eit veldig klart, enkelt og direkte uttrykk samtidig som leikenheita er ivaretatt. Han har etterkvart god erfaring frå andre barnefilmar (fleire Olsenbanden Jr.-filmar, Blåfjell 2, Venner for livet osb.), og Karsten og Petra-serien lever utan problem opp til tidligare meritter. Filmen blir kanskje tilgjort overidyllisk til tider, men kjernepublikumet tatt i betraktning er ikkje dette eit problem. Spesielt sidan det gir viktige pustepauser i forhold til dei litt meir alvorlige tema i filmen.
Det har vore eit travelt år for dei involverte i Karsten og Petra-filmane, med to filmar og 12 TV-episodar, men det er enno noko å sjå fram til. Tidleg i november blir nemleg den tredje filmen om dei to vennane – Karsten og Petras vidunderlige jul – lansert på kino, og i september 2015 kan vi sjå fram til Karsten og Petra på safari, der barna får ei eventyrlig reise til Afrika!
Blu-ray disken:
Filmen kjem i eit blått slimline omslag med BD-logo. Innhaldet er ein enkel Blu-ray disk (region B) utan andre vedlegg.
Omslaget er svært pent og ryddig, og består stort sett kun av kinoplakaten. Formatet er det same som på tidlegare Karsten og Petra-omslag, med logo plassert på midten. Over logoen er Karsten og Petra i vinterbekledning plassert i ein illustrasjon av eit vinterlandskap; under logoen er dei to kosedyra det same. Baksida byr på terningkast (femmarar over heile linja), bilder, kort filmomtale samt dei vanlege kreditering/faktaboksene.
Sjølve disken er veldig enkelt lagt opp. Etter ein SF-logo og rettigheitsplakat kjem trailerane (kan skippast) for dei to komande filmane Karsten og Petras vidunderlige jul og Karsten og Petra på safari. Etterpå havner ein i hovedmenyen, der tittellåta blir spelt over ein pen meny med motivet frå filmplakaten. Menyvala er Spill filmen, Velg scene, Innstilinger (norsk/engelsk/ingen tekst, og val mellom DD 5.1/DTS-HD MA audio), og Trailers.
Bildet:
Filmen ser ut til å ha bortimot identiske produksjonsverdiar som den forrige filmen, og det er definitivt ikkje eit problem. Det betyr at også denne filmen tek seg veldig godt ut i 1080p HD. Den har sterke og klare fargar og er lys, fargerik og vibrant, noko som sjølvsagt gjer den veldig iaugefallande blant det yngre publikumet som filmen sikter seg inn mot.
Filmen har mange flotte vinterlandskap, men også meir lunefulle augeblikk med stemningsfull belysning (stearinlys, peiskos) – inne på hytta om kvelden, sove i snøhole om natta, osv. Denne typen lyssetting er definitivt noko tidlegare Karsten og Petra-produksjonar ikkje har eksperimentert mykje med, men det fungerer veldig godt og går ikkje på bekostning av bildekvaliteten. Det blir aldri diffust.
Demomateriale er nok ikkje denne filmen likevel ikkje, men ein får ei god HD-oppleving på forventa nivå. Filmen gjengir ting klart og tydelig.
Lyden:
Filmen byr på to norske lydspor: Dolby Digital 5.1 og DTS-HD MA.
Lyden er alltid klar og fin, og det er lett å få med seg det som er sagt. Eg har tidlegare sagt at dette med rette kan være ei reell bekymring når barn har bærande roller i ein film, men ikkje denne gongen. Lydsporet er i det heile tatt godt gjennomarbeida og nokre replikkar har nok blitt gjeninnspelt i postproduksjonen.
Balansen mellom kanalane er god, og lydsporet er også fullt av detaljar som også tidvis dukker opp i dei bakre kanalane – t.d. bakgrunnslyder av barn i skiløypene, publikumbruset på hopprennet osv. er godt spreidd utover.
Filmen inneheld fleire fengande songar, og musikksporet er godt miksa i 5.1.
Bonusmateriell:
I utgangspunktet er det ikkje noko bonusmateriale på denne disken. Den inneheld dog to trailerar, som til gjengjeld sikkert er rimelig interessante for målgruppa sidan det dreier seg om to komande Karsten og Petra-filmar: Karsten og Petras vidunderlige jul og Karsten og Petra på safari. Ut over det er det rimelig magert, og eg slit i utgangspunktet med å sjå på trailers som noko “ekstra” i seg sjølv.
Oppsummering:
Karsten og Petra på vinterferie har blitt ein verdig oppfølgar til den veldig gode første filmen i serien. Der den første filmen sitt tema var vennskap, har den andre filmen eit litt meir ubehagelig tema i uvennskap. Dette manifesterer seg på fleire nivå, som når foreldra til Karsten kranglar, og ikkje minst mellom Karsten og Petra sjølv. Karsten sin eigen uro i forhold til foreldra gjer at han ikkje heilt er seg sjølv, og når Petra attpåtil blir begeistra for naboguten Petter brygger det opp til ein liten krangel mellom de to vennane.
Mange barn vil utan tvil kjenne seg igjen i dei forskjellige problemstillingane og kjenslene som er involvert, og filmen gir barna muligheitene til å kjenne på og bearbeide problemstillingane på ein trygg måte. Samtidig skal ein ikkje berre sjå på dette som ein film som tek opp store tema og er full av konflikter. Det handlar mest av alt om det dei to vennane opplever saman på ein veldig god tur, og sjølv om det er dei forskjellige konfliktane som gir det dramatiske bakteppet i forteljinga og definitivt er til stade til tider, tek dei ikkje overhand i heile filmen. Konflikta mellom Karsten og Petra gir sjølvsagt utslag i det nemnte klimakset i hoppbakken der Karsten bestemmer seg for å bli med i hopprennet, men det er meir spennande enn skummelt og skremmande. Her i huset blei denne sekvensen omtalt som den kulaste i heile filmen av kjernepublikumet, så det skal vi ta med oss.
Filmen er laga for dei yngre barnegruppene og kjernepublikumet er nok mellom 4-8 år. Eg trur nok at for barn frå ni-tiårsalderen vil filmen kunne framstå som noko barnslig. Vaksne som har lyst å sjå ein film saman med barna kan definitivt gjere verre ting enn å velje Karsten og Petra. Den underhaldt meg meir enn mange andre filmar for tilsvarande barnegrupper gjer.
Karsten og Petra på vinterferie byr altså på både moro, drama og ei smule spenning – og kan i det store og heile sjåast av alle som er gamle nok til å ha oppmerksomheit nok til å sitje gjennom ein heil film.
RSS