
FILMFAKTA
Regi: Luc Besson
Skuespillere: Scarlett Johansson, Morgan Freeman, Choi Min-sik, Amr Waked, Julian Rhind-Tutt, Pilou Asbæk og Analeigh Tipton
Musikk: Eric Serra
Disitributør: Universal / 89 minutt
Sjanger: action/science fiction
Video: 1080p
Format: 2.40:1
Audio: DTS-HD Master Audio engelsk 5.1. og Dolby Digital 5.1 for italiensk, tysk, spansk, japansk og hindi
Tekst: Norsk, svensk, dansk, finsk, engelsk, tysk, italiensk, spansk, portugisisk, islandsk, arabisk og hindi
Sone: A, B og C
Bonus: To dokumentarer: «The evolution of Lucy» og «Cerebral capacity: the science of Lucy»
Lanseringsdato: 23.02.2015
Aldersgrense: 15 år
Egnethet: Ungdom/Voksen
HANDLING
Lucy (Scarlett Johansson) blir lurt av kjærasten sin til å levere ein koffert, og blir fanga og holdt som gissel av nådelause Mr. Jang (Choi Min-sik). Ho får operert ei pakke med eit kraftig syntetisk stoff inn i magen sin for å smugle det over grensa, og får overmenneskelege evner når pakken sprekk. Lucy søker hjelp hos professor Samuel Norman (Morgan Freeman), som har forska på det som skjer med Lucy i mange år, og er den einaste som kan forstå konsekvensane. Samtidig blir Lucy jakta på av dei som fanga henne…
Kva vil eit menneske være i stand til om det kunne utnytte 100% av hjernekapasiteten sin? Lucy er ein drivande actionfilm som testar nettopp det.
Scarlett Johansson har fått sansen for hardtslåande roller.
Eller er det kanskje filmskaparane i Hollywood som omsider har sett potensialet hennar i actionroller, etter suksessen som Black Window i Marvel sine superheltfilmar (Iron Man, Captain America og The Avengers)?
I filmen Lucy speler Johansson filmens tittelfigur. Ho blir lurt og innblanda i narkotikasmugling, og får varene operert inn i ein pose i magen. Når det eksperimentelle dopet begynner å lekke inn i systemet hennar fører det til ein vanvittig sideeffekt. Ho blir i stand til å ta i bruk ein stadig aukande del av hjernekapasiteten sin, og i takt med at denne prosentandelen aukar blir ho meir og meir overmenneskeleg (og kanskje tilsvarande mindre menneskeleg).
I starten er dei nye evnene på nivå med heftige kampsportevner, men dei blir gradvis meir og meir overnaturlige.
Eit av premissa for filmen er altså prinsippet om at menneska kun bruker 10 prosent av hjernekapasiteten. Kva skjer når vi bruker meir? Dette premisset er sjølvsagt ei myte, for sjølv når vi søv bruker vi minst 45 prosent, men ein skal ikkje la noko så uinteressant som fakta øydelegge for ei god historie.
Morgan Freeman har rolla som verdas fremste nevrologiekspert. Det er han som gjentek myta om menneskas bruk av hjernekapasitet i filmen, og han representerer på mange måter vitenskapens stemme. Filmen kryssklipper også bilder frå dyras verden til å illustrere dette, og ofte blir det brukt for å forklare kva Lucy går gjennom og kvifor ho gjer som ho gjer. Eit interessant virkemiddel, sjølv om det kanskje blir brukt hakket for mykje.
Filmen kombinerer definitivt actionmoro med meir filosofisk innhald, og med sine nikk til sekvensar frå filmar som 2001: En romodyssè berører den også meir eksistensielle spørsmål. Det fungerer godt, sjølv om filmen her ligg heilt på grensa til å gape over litt for mykje.
Filmen endrer i det store og heile karakter fleire gongar. Regissør og manusforfattar Luc Besson har nevnt at han ville at den første delen skulle minne on Léon (som han også skreiv og regisserte). Den andre delen ville han at skulle minne om Inception, og den tredje har som nevnt fleire nikk til 2001: en romodyssè. Filmen krever altså at sjåarane skal omstille seg fleire gongar.
Slutten vil nok både fascinere og opprøre filmsjåarar i like store monn, alt etter kva ein er ute etter – og alt etter om ein har sans for science fiction av den meir vitskaplege og hardkokte typen. Det er nok også nettopp denne slutten som gjer at filmen har blitt klassifisert som action/science fiction; for å indikere at dette er noko langt meir enn «berre» rein actionmoro.
Luc Besson står bak historia og manus, og har også regissert filmen. Etter ei gullperiode på 90-talet (Nikita, Det femte element, Lèon) har suksessen vore litt meir blanda for han dei siste åra. I dag er han oftast å sjå som manusforfattar for heseblesande actionfilmar som han så overlatar til yngre regissørar å lage film av (Taken, Bandidas).
Nevnte Scarlett Johansson og Morgan Freeman er nok dei internasjonalt mest kjende namna blant skodespelarane, men filmen byr på gode prestasjonar også frå Choi Min-sik (Oldboy, The Admiral), Amr Waked (Syriana), Julian Rhind-Tutt (Stardust, Green Wing), Pilou Asbæk (Borgen, The Whistleblower) og Analeigh Tipton (Warm Bodies). Ein svært internasjonal gjeng dette, noko som definitivt farger filmen godt.
Musikken er laga av Eric Serra, som nesten er å regne for Luc Besson sin faste komponist. Musikken sit godt i alle kanalane, og leverer store doser trøkk og atmosfære på dei rette plassane.
Bildekvaliteten til denne filmen er i verdsklasse. Filmen har eit flott detaljfokus frå starten av, men filmskaparane aukar innsatsen undervegs. Historia utviklar seg og blir meir og meir fantastisk, og den visuelle presentasjonen har ingen problem med å halde følgje. Både actionsekvensar, eventyrlege spesialeffektar og lynrask handling er prikkfritt gjengitt, og viser Blu-ray formatet sine styrker til fulle. Dette er ein disk du trygt kan bruke om du vil demonstrere for venner og bekjente at du har den kulaste TV-en. Lyden er også bortimot i toppskiktet, og gjer dette til ein all-round flott demodisk.
Bonusseksjonen inneheld to dokumentarar: ein om sjølve filmen (The Evolution of Lucy), og ein om vitskapen bak filmen om hjerneaktivitet (Cerebral Capacity: the true science of Lucy). Dei er korte (ca. 10 minutt kvar), og ikkje akkurat djuptpløgande. Har ein sett filmen så lærer ein faktisk ikkje noko som helst nytt – skodespelarar, filmskaparar og andre sit og fortel om igjen det ein akkurat har sett. Det føles vekkasta og unødvendig. Eg tør nesten vedde filmsamlinga mi på at dei må ha blitt produsert for ein heilt annan bruk enn som bonusmateriale her.
Lucy blei lansert på kino i USA i juli 2014. Den debuterte på toppen av listene trass i blanda (men meir positive enn negative) kritikkar. Også ved internasjonal lansering i september 2014 tok den topplasseringa i dei aller fleste markeda, og overgjekk såleis dei positive forventningane som alle hadde til filmen.
Ein håper sjølvsagt at lanseringa av filmen på fysiske videogram vil gjere det like bra, og med ein teknisk presentasjon heilt i toppskiktet kan Blu-ray-utgåva anbefalast til alle som ønsker ein drivande god og kul actionfilm med «noko attåt».
RSS