
Regi: Robert Stromberg
Skuespillere: Angelina Jolie, Elle Fanning, Sharlto Copley Imelda Staunton, Sam Riley
Sjanger: Eventyr/Action
Lanseringsdato: 15.10.2014
HANDLING
Kva var det som fekk féen Maleficent til å kaste ei forbannelse på vesle prinsesse Aurora, som ville få henne til å falle i ein djup søvn om ho stakk seg på ein rokk før ho fylte 16? Denne filmen undersøker kva som eigentleg skjedde før og etter dei kjende hendingane frå Disney-klassikaren «Sleeping Beauty» (Tornerose) tok stad. Du kjenner berre ein liten bit av denne episke eventyrforteljinga, som du aldri vil sjå på same måten lenger…
Maleficenter ein flott eventyrfilm og med en fantastisk bildekvalitet på Blu-ray, som godt kan anbefalast!
Videogramfakta:
Maleficent (Blu-ray)
Disney / 2014 / 93 min
Video: 1080p HD 16×9 2.40:1
Audio: DTS-HD 7.1
Utgivingsdato: 15.10.2014
Filmen Maleficent fortel den hittil ukjende historia om ein av dei mest ikoniske skurkane frå Disney sine klassiske heilaftens teiknefilmar. Maleficent (Angelina Jolie) speler féen frå Sleeping Beauty som i i følge den klassiske historia forbanner menneskekongen si nyfødde dotter Aurora på dåpsdagen, som dømmer henne til å falle i djup søvn før ho fyller 16. Men kva er det som får henne til å gjere dette? For første gong lærer vi om det djupe sviket Maleficent blei utsatt for, samt den dramatiske oppdaginga i ettertid av at prinsessa kan være nøkkelen til fred mellom verdene til fe-folket og menneska…
Filmen:
Vi har fått fleire filmar basert på tradisjonelle eventyr dei seinare åra – m.a. Snow White and the Huntsman, Hansel & Gretel: Witch Hunters, The Princess and the Frog, og ikkje minst (om ein ser hakket lenger tilbake) heile Shrek-filmserien, som blander og fornyer element frå fleire eventyr.
Ein ting dei nemnte filmane viser, er at holdninga til filmatiseringar av klassiske eventyrhistorier har endra seg med åra. Tidlegare var dei som regel nært (om ikkje 100%) knytt opp mot den opprinnelege historia, og sjølv om det var snakk om tilpassingar var det likevel rimeleg trufaste representasjonar av historia slik ein alltid har kjent den. Dei klassiske heilaftens animerte filmane frå Disney-studioet er gode døme på dette.
Dei nyare eventyr-filmatiseringane har ofte til felles at dei står langt friare i tilnærminga si. Dei klassiske eventyra tener ofte som eit utgangspunkt, men filmane går raskt sine eigne vegar og introduserer i langt større grad element som ikkje var der i den opprinnelege historia. Mange av desse kan være radikalt annleis. Når dette fungerer optimalt kan det oppfriske ei velkjent historie og nærast gi den nytt liv, men det fins også døme på historier som får eit negativt forteikn etter ei slik behandling.
Maleficent er i alle fall det nyaste tilskotet på stamma. Den fell inn i den same kategorien som dei nemnte ved å være ein oppdatert versjon av eventyret som vi på godt norsk kjenner som Tornerose (Sleeping Beauty). Denne historia er kanskje best kjent frå Disney sin klassiske animasjonsfilm med same namn frå 1959, der féen Maleficent blei etablert som ein av Disney sine mest kjende filmskurkar til då. Filmen har dessverre aldri hatt den same statusen som dei andre animerte Disney-eventyra, mykje fordi den gjorde det skuffande dårleg på kino då den kom i tillegg til å få svært blanda kritikkar. Dette svidde såpass sterkt at Disney slutta å adaptere eventyrforteljingar i fleire tiår etter. Dei gjekk faktisk ikkje tilbake til eventyrsjangeren før 30 år seinare (for øvrig var det med Den lille havfruen i 1989).
Trass dette gjorde karakteren Maleficent eit stort inntrykk, og har på ein måte blitt ei større stjerne enn filmen ho kjem frå. Karakteren blei ganske kjapt eit fast innslag i Disney sine temaparkar (m.a. i showet Fantasmic!), og har vore med i andre Disney-seriar som House of Mouse og Once Upon A Time, bokserien Kingdom Keepers, familieshowet Walt Disney’s World on Ice, og som karakter i fleire dataspel – m.a. i Epic Mickey. Maleficent fekk ikkje minst sin eigen videospel-serie der ho var hovedpersonen (Kingdom Hearts), i tillegg til gjesteroller i andre spel. I desse dagar er Maleficent også aktuell som miniatyrfigur og spelbar karakter i det nye spelet Disney Infinity 2.0, m.a. tilgjengeleg på Xbox One og Playstation 4. I det sistnemnte tilfellet er karakteren heilt klart modellert etter Angelina Jolie si framtoning i den nye filmen.
Planane om ein ny og oppdatert spelefilm om og med karakteren Maleficent blei først annonsert i 2009. Tim Burton var opprinneleg inne i bildet som regissør, men han valte etterkvart å fokusere på andre prosjekt. Angelina Jolie kom inn i bildet som ein potensiell hovedrollekandidat i 2010, og blei etterkvart også involvert på produsenttida. Robert Stromberg, tidlegare mest kjend for produksjonsdesignet i Alice In Wonderland og Oz the Great and Powerful, fekk etterkvart setje seg i regissørstolen.
Sjølve historia er interessant sidan den blir fortalt frå Maleficent sitt perspektiv. Dei såkalte onde personane i klassiske eventyr er gjerne dørgande kjedelige protagonistar av den klassiske typen, som kun har blitt gjort onde fordi eit klassisk eventyr treng ein ond person. Denne filmen gir altså eit langt meir nyansert bilde av både karakteren og historia bak det som skjer.
I det klassiske eventyret møter vi først på Maleficent i den store barnedåpen på slottet. Kongen og dronninga har fått ei dotter, og Maleficent gjer sin store entré utan å ha blitt buden. Det ender som vi veit (eller burde vite) med at Maleficent kaster ei forbannelse på den vesle babyen: det blir skjebnen hennar at ho skal stikke seg på rokken til eit spinnehjul før ho fyller 16 år, og falle i ein djup søvn. Alt dette, og det som skjer etterpå, er kjent. Det som ikkje er kjent, er kva som skjer før denne barnedåpen. Kvifor dukker Maleficent opp, augensynleg ut av det blå? Historia som leder opp til dette har no blitt både djup og interessant, og også historia etter dette punktet byr på mange nyansar som den opprinnelege historia – forståeleg nok – ikkje hadde. For dette er altså heller ikkje ei gjenforteljing, men ein eigen, sjølvstendig, og mange vil kanskje også seie definitiv versjon. Den endrar ikkje drastisk på den kjente historia, men utvider den med element som går hand i hand med den. Historia får rett og slett kjøtt på beinet. Den største endringa er utan tvil perspektivet, og det minner ein på det gamle ordtaket om at det fins tre sider av alle saker: mi side, di side, og sanninga. Kva for ei side vi får her skal være usagt, men at det er ei anna side enn den vi kjenner til er utan tvil veldig spennande.
Som nemnt speler Angelina Jolie hovedrolla som Maleficent, og ein morsom trivia er at dottera hennar gjer ein liten cameo som den unge Aurora tidleg i filmen. Jolie sjølv gjer ein formidabel innsats, og det er godt å sjå henne i så god form igjen på lerretet. Det har vore nokre år sidan sist ho imponerte meg i like stor grad med ein ny film.
I andre roller finn vi Elle Fanning (Den fantastiske historien om Benjamin Button, Super 8) som Aurora, Sharlto Copley (District 9, Elysium, A-Team) som (kong) Stefan, Imelda Staunton (Much Ado About Nothing, Little Britain, Harry Potter) som féen Knotgrass, og Sam Riley (13, Control, On the Road) som er ravnehjelparen til Maleficent som ho ofte skaper om til menneske.
Filmen er regidebuten til Robert Stromberg, som før det har vore ansvarleg for dei visuelle effektane i nær 100 filmar – mange av dei gigantiske produksjonar (Pirates of the Caribbean, Hunger Games, Pans labyrint og Det gylne kompasset). Dette er ei erfaring han virkeleg nyttiggjer seg i Maleficent, som ser heilt fantastisk ut. Filmen elles viser at han var meir enn moden for å ta steget opp.
Filmen fekk jamnt over bra kritikkar, sjølv om mange påpeiker at Jolie sin flotte prestasjon og svært gode effektar overskygger dei andres innsats i filmen, og kanskje til og med avkler dei litt som ikkje like gode. Der Jolie sin innsats framstår som kraftfull og visuelt slåande, blir andre prestasjonar og framtoningar meir tafatte i forhold. Filmen inneheld også ein del «tøysesekvensar», der spesielt dei tre fèane som skal passe på Aurora medan ho veks opp, blir ein enorm kontrast til meir kraftfulle augeblikk. Sjølv om eg ser poenget tenker eg at kontrastar er med på å heve dei augeblikka i filmen som kan trenge akkurat det, så det ser eg nok ikkje på som eit like stort problem.
Filmen blei lansert på kino i mai 2014, og gjorde det skarpt. I opningshelga drog den inn $175,5M, og den endte op $758M på verdsbasis. Dette er ikkje berre den sterkaste opninga av alle filmane til Angelina Jolie så langt, men også den filmen ho har vore med i med størst inntening så langt i karriera hennar. Noko som rett og slett ikkje seier så reint lite. Det blei også den tredje mest inntjenande filmen i 2014 (for ordens skuld kun slått av Transformers: Age of Extinction og Guardians of the Galaxy).
Blu-ray disken:
Filmen kjem i eit blått slimlineomslag med BD-logo. Innhaldet er ein enkel Blu-ray disk i region A/B/C.
Dei fleste nye omslaga held etter kvart god standard, og det gjer også dette. Det virkar som filmstudia har forstått at forbrukarane ikkje vil ha terningkast, sitat og masse tekst på framsida. Fokuset skal være – og er – sjølve filmplakaten, som denne gongen fokuserer på Angelina Jolie som Maleficent. Elle Fanning som Aurora kan skimtast i bakgrunnen, samt omrisset av kongeslottet i det fjerne, satt i eit pent landskap. Bildet er slåande og fungerer svært bra. Det einaste vi har av tekst er krediteringa av Angelina Jolie langs kanten øvst på plakaten i små bokstavar, med filmtittelen i langt større typar nedst.
Baksida har enkel omtale av filmen (gjentatt fire gongar, for alle dei nordiske markeda), eit bilde av Aurora i djup søvn, ei oversikt over ekstramaterialet, samt vanleg kreditering og faktabokser.
Ved oppstart av disken kjem vi raskt inn i ein språkvalgmeny før den vante Disney-logoen med slottet. Deretter startar eit trailershow. Det seier sitt om Disney sitt fokus på trailerar at dei har laga ein eigen trailermeny (!) som gjer at ein m.a. kan hoppe direkte til avspeling av filmen. All kreditt for det, men trailerar bør uansett være ein eigen seksjon på disken – anten i menyen eller blant bonusmaterialet. Det er ein uting at dei automatisk blir direkte avspelt ved oppstart, sjølv om dei kan skippast. Dette er eit gufs frå 80-talet som vi burde ha vore foruten på ein kjøpefilm. (I rettferdigheitas namn er det berre ein trailer denne gongen.)
Etter traileren kjem vi rett inn i ein pen, men dramatisk, meny. Den inneheld eit klipp av mørke, truande skyer som fyller himmelen, og den dramatiske musikken som følger med gjer dette til ein veldig effektfull sekvens. Menyvala står under, og er «Play», «Bonus features» (omtalt seinare), «Scene selection», «Set up» (audio og undertekster) og «Sneak peaks» (traileren igjen – altså slik den burde være representert).
Bildet:
Denne filmen tek seg usedvaneleg godt ut og er nærast ein fest for augene. Ikkje berre fordi den har ei førsteklasses enkoding i 1080p/AVC MPEG-4 i den opprinnelege 2.40:1-aspektraten, men også fordi filmen visuelt sett byr på fantastiske lokasjonar, effektar, og ei setting som rett og slett er heilt nydelig. Spesielt dei ti første minutta der sjåaren blir introdusert til fé-folket sitt rike er så vakre og detaljrike at ein blir sitjande og berre ta det inn over seg. Sjølvsagt presentert i krystallklar HD. Mykje av dette er naturlegvis effektar og postproduksjon, og til tider kanskje så lessa på at eg kan forstå det om nokon synes det «bikkar over». Sjølv lar eg meg berre fascinere. Inntrykka kjem på løpande band, og den fantastiske tekniske presentasjonen med knivskarp bildekvalitet bygger berre opp under filmen sitt visuelle inntrykk. Eit perfekt døme på at ein visuelt sterk film berre blir endå betre av solid bildekvalitet!
At filmen starter sterkt er ikkje imponerande i seg sjølv – det er det mange filmar som gjer. Det er derimot svært gledelig å konstatere at den held nivået oppe bortimot heile filmen gjennom. Setta er fantasifulle og med mange flotte detaljar. Filmen er full av fargar, og fargebruken matchar det som skjer i filmen. Når Maleficent er lykkelig i starten av filmen er alt lyst og fargerikt, seinare blir det mørkare og skyggefullt, men like fullt med ein god og gjennomtenkt fargebruk (mykje blått og grått) som passer det humøret. Filmen er også sprinkla med masse små detaljar – som dei mange bitte små sommarfuglane som alltid omkransar ein av dei fèane som får i oppdrag å passe på Aurora. Kjensla av at ein ikkje har valgt ein einaste snarveg, men tvert imot lagt mykje arbeid ned i samtlege visuelle detaljar, er ein av filmens store styrker.
I ei av scenene i filmen glir eit allereie mørkt bilde over i svart, slik at det einaste ein ser er Maleficent sine lysande auge. Dette er ikkje berre ei veldig slåande scene, men den framhever dei fantastiske svarte nivåa som fins i denne filmen. Alt er mørkt som blekk, utan gjenheng eller pikselering.
Eg er i det store og heile ikkje i stand til å finne svakheiter ved den visuelle kvaliteten til denne filmen. Dersom du skal skryte av bildekvaliteten på den nye, kule TV-en din, kan du trygt bruke Maleficent som demodisk.
Lyden:
Maleficent kjem i eit gjennomarbeida 7.1 HTS-HD Master Audio lydspor som definitivt har den romkjensla eit surroundspor skal ha. Lydar kjem frå alle retningar – gallopperande hestar, klingande sverd, lydeffektar frå magiske besvergelsar og sprutande flammekuler. Lydsporet er like fantastisk som det visuelle, og dei fleste lydane dukker gjerne opp ein stad i rommet og ender opp ein annan stad. Det er dog ikkje snakk om ein konstant kakofoni; der vi i den eine sekvensen blir bombardert med lyd kan vi i den neste oppleve meir rolige, dempa lydar som tek det heile ned igjen. Filmens lydspor har ein herlig dynamikk som er med på å heve historieforteljinga.
Stemmene er trygt plassert i front, og dei er alltid tydelege i lydbildet, sjølv når det skjer veldig mykje. Musikken har også stort sett ein god dynamikk, men eg må innrømme at eg ikkje alltid er glad i miksen. Spesielt i dei mest intense kamp og/eller actionsekvensane har musikken ein tendens til å dominere lydsporet. Eg høyrer mange spanande lydeffektar baki der, men eit overstadig fokus på musikken gjer at dei druknar i mange av desse passasjane. Musikken er rett og slett alt for høg. Dette er den einaste substansielle innvendinga mi mot lydsporet og grunnen til at det ikkje får toppkarakter.
Eg likte godt bruken av LFE i denne filmen. Bassen har ein god ‘thump’ der det trengs, men det fins definitivt meir kraftfulle filmar der ute på dette området. Vi snakkar aldri om vibrerande veggar eller ristande blomstervasar, men bassen er der når den trengs. Ein fin sekvens er scena er ei horde soldatar taktfast slår skjolda sine mot steingolvet, og bassen bidreg med eit herlig sug.
Maleficent har alt i alt eit flott lydspor som utan tvil er gjennomarbeida og er med på å løfte filmen.
Bonusmateriell:
Til å være ein enkel disk inneheld den eit pent knippe bonusmateriale. Ein del av det har rett nok kjensla av å være laga for marknadsføring og er ikkje frå øvste hylla, men andre ting gir fin innsikt i det produksjonsmessige og tekniske og får ein til å setje desto meir pris på filmen.
- From Fairy Tale To Feature Film (8 minutt) er ein typisk bakomfilm med diskusjon om korleis Maleficent forheld seg til det opprinnelege Tornerose-eventyret. Manusforfattar Linda Wolverton fortel om premissa for filmen saman med Angelina Jolie, som også var involvert i utviklinga av historia.
- Building An Epic Battle (6 minutt). Her lærer vi meir om eit av dei sentralle setta i filmen. Det er morsomt og imponerande å sjå at meir enn det ein trudde faktisk er utført på kamera og ikkje som spesialeffektar i ettertid.
- Classic Couture (2 minutt). Eit kort og substanslaust fokus på Maleficent sin imponerande… eh, vel, hodepynt?
- Aurora: Becoming A Beauty (5 minutt). Eit overflatisk intervju med Elle Fanning om rollefiguren ho speler, kombinert med fleire klipp av scenene hennar i filmen.
- Malificent Revealed (5 minutt). Denne snutten gir ei visuell og historiemessig oppsummering av filmen. Dette er nok den bonusbiten som gir meg minst, då den vingler mellom å være ein utvida trailer og pressemateriale. Det fungerer nok OK som ei oppsummering, men den spoiler merkelig nok slutten, noko som er ein stor uting.
- Fem sletta scener (totalt 7 minutt). Nokre av desse scenene gir langt meir innsikt i deler av historia i filmen (spesielt forholdet mellom Stefan og den gamle kongen, samt kvifor dei tre fèane valgte å jobbe for Stefan), og gitt at filmen kun er 93 minutt kan ein spørje seg kvifor ikkje noko meir av dette var inkludert. Men ein har det i alle fall her.
Eg er kanskje litt blasert når det gjeld bonusmateriale no til dags, men eg lar meg ikkje blåse bort av det vi får servert denne gongen. Før det første opplevast dette berre som fragment av det som utan tvil er tilgjengeleg. Det kan umogleg krevje mykje å få tak i meir. Dernest har ein den overflatiske kjensla til fleire av klippa. Dette er meir snakk om generelle sveip enn djupdykk. Når først desse intervjuobjekta er tilgjengelege, burde det være mogleg å stille dei ekstra spørsmåla som går litt meir inn i prosessen. Dei få ekstra minutta dette gir ville ha gjort klippa litt meir substansielle.
Når det er sagt er det vi får for all del heilt OK. Eg ynskjer berre at alt skal være så bra som mogleg og siktar moglegvis mot topphylla kvar gong eg vurderer kva vi faktisk får servert. Men burde ikkje alle gjere dette?
Oppsummering:
Det har nesten blitt ein aldri så liten trend å lage nye versjonar av kjende historier med perspektivet til den såkalte onde protagonisten. Boka Wicked av Gregory Maguire kom ut i 1995, og gjenfortalte Wizard of Oz-historia frå perspektivet til den grønhuda heksa i filmen. Denne historia blei omarbeida til Broadway-musikalen med same namn i 2003, som har gått for fulle hus verda over bortimot sidan. Fenomenet «kjent historie frå nytt perspektiv» viste seg å slå veldig an.
Historia/filmen Maleficent er på overflata akkurat same typen konsept. Den (i utgangspunktet) onde féen blir plutseleg langt meir nyansert, og kanskje framstår også dei snille i historia litt annleis.
Ein slik film bør sjølvsagt dreie seg om mykje meir enn å berre gjere dei slemme snille (og omvendt). Den store utfordringa med denne typen historier er nettopp å unngå å skrive dei på ein måte som blir «stakkars deg». Det er den lettaste ting i verda å legge til all verdens forhistorier, kontekst og omstendigheiter som effektivt endrar på alle oppfatningar om karakterane i historia og motivasjonane deira. Men det i seg sjølv er ikkje nok. Poenget med eit nytt perspektiv er sjølvsagt til ei viss grad å sjokkere og bidra til at ein ser ting annleis, men på den andre sida er det nærast forventa at ei slik historie skal få den såkalla onde protagonisten til å framstå meir sympatisk. Det blir ein klisjé. Korleis klare denne balansegangen? Skal ein virkelig sjokkere bør ein kanskje lage ein slik versjon som gjer den onde meir ond enn nokonsinne.
Dette er altså problemstillinga filmen Maleficent står overfor. Eg er glad for å seie at historia at historia fungerer veldig godt fordi den aldri blir eit forsvarsskriv for Maleficent sine handlingar i eventyret. Dei tinga som er gjort der, er gjort også i denne versjonen. Men samstundes er dei berre ein liten del av det heile bildet. Det vi sit att med er altså ei fantasifull historie som inneheld mange gode og onde element på begge sider av gjerdet, men som summa summarum gir ei historie med mange interessante gråsoner. Ein er heller ikkje sikker på korleis det heile vil gå eller kva ein skal håpe på undervegs. Den nevnte problemstillinga er aldri eit problem denne gongen.
Historia er fantasifull og bygger ut universet frå den originale historia på ein svært fin måte, utan å gå på trass av noko av det som er kjent. Det store spørsmålet er kor godt kjent det norske publikummet eigentleg er med eventyret om Tornerose, og om dei er i stand til å setje pris på det nitidige arbeidet som har gått inn i akkurat denne verdensutbygginga. Eventyret om Tornerose har alltid levd litt i skuggen av t.d. Snøkvit, Askepott og Pinocchio, sjølv om dei aller fleste vil kjenne igjen namnet. Ein god del kjenner nok også til hovedelementa til historia. Men har dei nokre som helst detaljar? Og kor mange her til lands hugsar eigentleg karakteren Maleficent?
At Disney-teiknefilmen Sleeping Beauty blei ein flopp då den kom i 1959 gjer sitt til at den ikkje akkurat er løfta fram i serien med relanseringar av dei gode, gamle Disney-animasjonsfilmane. Den fekk sjølvsagt sin 50-års jubileumslansering (inkludert på Blu-ray Disc) slik alle andre hadde fått det, men det er andre filmar som blir vist på TV og står fremst i butikkhyllene. Det er ikkje den største suksessen i serien.
Men mangelen på drahjelp frå den klassiske Disney-filmen gjer nok ikkje så alt for mykje, trass alt. Kjende skodespelarar med Angelina Jolie i spissen, ein solid produksjon, og (trass alt) ein ganske interessant karakter gjorde at filmen gjorde det eventyrleg bra og knuste alle forhåpningar på kino. Karakteren Maleficent har trass alt etterlatt eit stort inntrykk, og har på mange måtar blitt ei større stjerne enn filmen ho kjem frå gjennom å medvirke i fleire filmar, bøker og dataspel. Dette endrar seg neppe etter den nye filmen, som allereie har gjort det bedre enn den opprinnelege animasjonsfilmen nokonsinne kunne drøyme om.
Maleficent er ein dramatisk og flott eventyrfilm. Med ein fantastisk bildekvalitet, meir enn godkjend lyd og eit knippe interessante bonusklipp er dette ei solid pakke som godt kan anbefalast.
RSS