FILMFAKTA
Shield of Straw (DVD)
Regi: Takashi Miike
Skuespillere: Tatsuya Fujiwara, Takao Osawa, Nanako Matsushima, Tsutomu Yamazaki
Musikk: Koji Endo
Leverandør: Another World Entertainment
Spilletid: 113 min
Sjanger: Action/Thriller
Format: 2.40:1
Audio: Japansk Dolby Digital 5.1 og 2.0
Tekst: Engelsk
Sone: Sone B
Bonus: Intervju med Takashi Miike, TV spots, trailers.
Lanseringsdato: 23.03.2015
Aldersgrense: 15 år
Egnethet: Voksen
HANDLING
Etter å ha drept ei 7 år gamal jente, melder psykopaten Kunihide Koyomaru (Tatsuya Fujiwara) seg til politiet. Det viser seg at jenta var dottera til ein av landets rikaste menn. Den uhelbredelig sjuke milliardæren Ninagawa (Tsutomu Yamazaki) utlover ein gigantisk dusør til den som drep Kunihide.
Snart er Kunihide java vilt, og fem av politiet sine dyktigaste betjentar, anført av Kazuki Mekari (Takao Osawa), blir satt til å beskytte han medan han blir frakta til Tokyo. Det blir alt anna enn ein rolig tur.
Shield of Straw er ein hardtslåande action-thriller av Takashi Miike, som er kjent for sin kontroversielle stil. Her får ein spektakulær underhaldning, men det er også ein film som gjer inntrykk!
Den japanske actionthrilleren Shield of Straw har kanskje ikkje fått all verdas merksemd her på berget, men den fekk si tid i rampelyset internasjonalt etter at den blei nominert for hovedprisen på filmfestivalen i Cannes i 2013.
Premisset er som følger: Ein massemordar er fanga, og skal fraktast av politiet på tvers av Japan til fengselet i Tokyo. Samtidig har Japans rikaste mann utlova ein astronomisk dusør til den som klarer å ta han av dage. Slikt blir det ei minneverdig reise av!
Filmen er altså nokre år gamal, men blei omsider sluppe på fysiske format her til lands den 23. mars i år. Også det skjedde utan større fanfare, men dette er likevel ein film ein bør bite seg merke i. Den er rett og slett ein moderne klassikar innan actionsjangeren.
I det filmen startar har ein psykopat og mordar nettopp drept ei sju år gamal jente. Han er fanga av politiet og skal fraktast til fengselet i Tokyo i påvente av rettssaka.
Ting blir plutselig komplisert når ein milliardær utlover ein dusør til den som klarer å drepe mordaren. Milliardæren er bestefaren til den vesle jenta. Han er dødelig sjuk, og har ikkje mykje igjen å leve for. Dusøren er heilt vanvittig, og berre det å forsøke utløser mindre (men også solide) dusørar.
Ei gruppe politifolk får oppdraget med å transportere mordaren uskadd til hovedkvarteret i Tokyo, og frå første stund er det klart at dette blir ei utruleg tøff oppgåve. Dei må være på vakt mot alskens utfordringar – frå reine kommandoangrep og eksplosjonar i storslått stil, til langt meir utspekulerte og stillferdige forsøk frå uventa stader. Teamet er under ei enorm påkjenning, og dei veit aldri kvar neste trussel vil kome frå.
I tillegg til dette oppdagar dei ganske kjapt at lokasjonen til fangetransporten blir sendt live via GPS på heimesida til milliardæren som står bak dusøren. Kvar kjem signalet frå? Er det forrædarar også i politiets eigne rekker?
Som ein kan tenke seg er dette ein utruleg spennande film full av heidundrande action, men ramma rundt filmen gjer den til noko langt meir enn «berre» ein actionfilm. Filmen har dessutan langt meir å by på enn kjapp, storslått handling, og deler av filmen er nærast drama. Den blir dog ikkje mindre intens av den grunn.
Dette er nemleg også ein film om den menneskelige natur, og vi liker ikkje alltid det vi ser. Reaksjonane til menneska i filmen framstår som genuint ekte og… vel, menneskelege, på godt og vondt, noko som berre gjer filmen meir skremmande. At dette oppdraget kjem til å ende vél for dei involverte får ein gradvis mindre og mindre trua på, og i det store og heile opplevast dette som ein veldig realistisk film der den lykkelige Hollywood-slutten aldri synes å være innan rekkevidde.
Som ein kan tenke seg byr filmen definitivt ikkje på gladaction, men dei sekvensane vi får servert er ikkje noko som helst mindre imponerande av den grunn.
Regissør Takashi Miike er kjent for å ha ein kontroversiell stil, og står bak nokre av notidas mest berykta filmar som Ichi the Killer (forbudt i Norge), Audition og 13 Assassins. Han speler dog gjerne på fleire strengar, og har også laga ein god del drama og familievennlige filmar.
Skodespelarane er marginalt kjent utanfor Asia, men Tatsuya Fujiwara (internasjonalt best kjent for rolla i Battle Royale-filmane) gjer ein imponerande jobb som psykopaten Kunihide Koyomaru. I rolla som den ulbredelig sjuke milliardæren finn vi veteranen Tsutomu Yamazaki (The Funeral, Farewell to the Ark). Takao Osawa (Midnight Eagle, Filament) gjer ein flott innsats som leiaren av politigruppa.
Den tekniske kvaliteten på utgivinga er også veldig god, med lyd og bildekvalitet heilt i toppskiktet. Denne tek seg veldig bra ut på heimekinoanlegget! Ein skulle ønske at utgivinga hadde litt meir og bedre bonusmateriale, då eit kort og rimeleg intetsigande intervju med regissøren ikkje akkurat får meg til å ta bølgen.
Det viktigaste vil dog alltid være filmen, og denne bør du i høgste grad vurdere å få med deg. Dette er ein film som underheld stort, men som også gjer inntrykk.
RSS