• Nyheter
  • Anmeldelser
  • KOMMENTAR
  • Konkurranser
  • Om oss
  • Kontakt
VIDEOMAGASINET
  • Nyheter
  • Anmeldelser
    • Anmeldelse: Star Wars: The Bad Batch: sesong 2 – episode 1-6
    • Anmeldelse: Star Wars: Andor: sesong 1
    • Anmeldelse: Star Wars: Tales of the Jedi
    • Anmeldelse: Star Wars: Andor: episode 1-4
    • Anmeldelse: Cobra Kai Sesong 5
  • KOMMENTAR
    • HBO MAX sin House of the Dragon: Meget imponerende audiovisuell kvalitet
    • De små ting teller
    • Det synger på siste verset for fysisk videosalg
    • Du er ikke lat eller dum om du ser på Netflix
    • Derfor har jeg tro på UHD-formatet
  • Konkurranser
    • Konkurranse: Miss Peregrines Home For Peculiar Children
    • En absolutt fabelaktig konkurranse!
    • Vi introduserer et nytt menypunkt: KONKURRANSER
  • Om oss
  • Kontakt
  • RSS

ANMELDELSE

Anmeldelse: The Rolling Stones – The Marquee Club Live in 1971

The Rolling Stones held fram gravinga i arkivet, og denne gongen har dei funne ein glimrande konsert frå 1971.

: The Rolling Stones – The Marquee Club Live in 1971

5
Karakter:
Bilde:
Lyd:
Bonus:
review-image

Konklusjon:

Eksterne lenker. Les mer her:

Anmeldelse: The Rolling Stones – The Marquee Club Live in 1971
admin
2. juli 2015

FILMFAKTA

The Rolling Stones – The Marquee Club Live in 1971 (Blu-ray)
Regi: The Rolling Stones
Bandet: Mick Jagger, Keith Richards, Mick Taylor, Bill Wyman og Charlie Watts, med Nicky Hopkins og Bobby Keys
Lengde: ca. 35 minutt + ca. 25 minutt bonus
Aldersgrense: Exempt from classification
Lansert: 26.06.2015 på SD Blu-ray, DVD og digitale format
Utgivar: Eagle Vision/Universal Music Group
Skjermformat: 16:9 (4.3PB)
Lydsystem: DTS-HD Master Audio 96/24, LPCM Stereo

HANDLING

Fans har venta på denne konserten sidan den opprinneleg blei filma for amerikansk TV i 1971, og endelig får den full, offisiell lansering. Den er ein del av The Rolling Stones sin offisielle From The Vault-serie med konsertopptak frå arkivet, og blei spelt inn like før lanseringa av det klassiske albumet Sticky Fingers. Bandet bestod på denne tida av Mick Jagger, Keith Richards, Charlie Watts, Mick Taylor og Bill Wyman.

Mange fans av The Rolling Stones meiner at gullalderen deira var frå 1968 til 1972. Dette fabelaktige livedokumentet frå 1971 kan brukast som bevis på dette.

Band som passerer ein viss alder fokuserer gjerne på andre ting enn då dei var yngre. Ein ting er ofte at straumen av nye album og låtar stilner hen. Det ein kan håpe på i desse tilfella er at bandet i staden begynner å grave etter godbitar i arkiva, der det forhåpentlegvis fins demoar, studioskisser og konsertmateriale frå ei lang karriere. Som ofte er det fansen vil ha.

The Rolling Stones er eit av banda som har tatt eit slikt grep, til fansens store glede. For nokre år sidan lanserte dei arkivserien From the Vault, som er ein ny serie med konsertopptak frå arkivet som aldri har vore offisielt tilgjengelege før.

The Marquee Live in 1971 er den tredje utgivinga som The Rolling Stones slepp i denne serien. Tidlegare har vi fått opptak frå Hampton Coliseum (1981) og L.A. Forum (1975). Det vil utan tvil kome mange fleire godbitar i tida framover, og det kan bli virkelig interessant om bandet held fram med å grave seg bakover i tid.

Den nyaste utgivinga byr på ein intimkonsert på legendariske Marquee Club i London den 26. mars 1971. Bandet hadde akkurat gjennomført ein turné i England, og dette var omtrent ein måned før det legendariske Sticky Fingers-albumet blei lansert.

Materiale frå det komande albumet hadde blitt debutert på denne turnéen, og fire tidlege smakebitar er også å finnepå denne utgivinga. Ein skal spesielt legge merke til den nydelige versjonen av balladen I Got the Blues, som sjeldan har blitt framført seinare.

Gitaristen Mick Taylor, som hadde tatt over for Brian Jones to år tidlegare, var no fullt integrert i bandet, som aldri hadde vore bedre. Taylor var ein virtous sologitarist som gav bandet eit perfekt 70-talsuttrykk. Det var noko heilt anna enn det dei hadde hatt med multiinstrumentalisten Jones tidlegare og som dei fekk med rockegitaristen Ron Wood seinare.

Så gudebenåda som Taylor enn var på gitaren, var han derimot inga stor scenepersonlegheit. Han hadde hverken Jones sin karisma eller rock’n’roll-imaget til Wood. Stones hadde alltid ei ubevegelig saltstøtte på scena i Bill Wyman. Med Mick Taylor i bandet kan ein nesten seie at dei hadde to.

Spørsmålet er om det betyr noko frå eller til på ei så lita scene som dette, der frontmann Mick Jagger knapt har plass til meir enn nokre begrensa dansetrinn (men klapper desto meir i løpet av denne konserten). Keith Richards held seg også stort sett på sin tilmålte plass på venstre scenekant. Men det funker, og bandet viser at dei kan trives også på ei lita scene.

Det gir konserten ei eiga nerve å sjå bandet stå så tett saman som dei gjer her. Det er rått, sveitt og ekte.

Det skulle gå ei god stund før ein fekk sjansen til å sjå bandet på ei så lita og intim scene igjen. Like rundt hjørnet venta gigantiske verdensturnear der dei tok steget opp til å bli eit fulltids stadion- og arenaband. Det har dei i det store og heile vore sidan. Det gjer ein berre meir takknemmeleg for utgivingar som denne.

Det står heller ingenting på den tekniske presentasjonen. Bildekvaliteten er restaurert og lyden har også fått ein ny miks for denne utgivinga, som blir lansert på SD Blu-ray, DVD og digitale format, i tillegg til reine lydutgivelser på CD og vinyl.

Konserten blei aldri spelt inn i HD, så BD-utgåva har oppskalert SD bildekvalitet. Den kan difor ikkje konkurrere med nye konsertar i full HD, men det er like fullt ei veldig pen og heilt godkjent gjengiving vi får her.

Lydopptaket er i utgangspunktet gjort som ukomprimert stereo. Bob Clearmountain har for denne utgivinga miksa dette om til eit DTS-HD Master Audio spor. Den originale stereoinnspelinga blei gjort av det berømte Rolling Stones Mobile-studioet, og resultatet var at konserten blei spelt inn med like god lyd som studioinnspelingane frå denne tida. Resultatet som føreligg er difor så bra som det overhodet var mogleg å få det i 1971. Eg er rett og slett svært godt nøgd med lyden til denne utgivinga.

Det er svært lite å trekke for, bortsett frå at det komplette settet dessverre ikkje er tilgjengeleg og det totale programmet kan synes å være noko kort. Hadde dette vore eit fullverdig sett hadde toppkarakteren vore innan rekkevidde. Bonuskutta med alternative takningar og materiale frå Top of the Pops dreg speletida opp frå 35 minutt til ein drøy time, og det er greit nok – det er uansett alt som fins frå denne konserten. Spørsmålet blir i så fall kva ein ellers kunne lagt til for å få ei fyldigare pakke.

Uansett er konklusjonen utan tvil at dette er ein heilt essensiell konsert med ekte rock’n’roll frå start til slutt. Legendestatusen til opptaket, og bandets utrulege musikalske kapasitet på denne tida, gjer dette til ei heilt essensiell utgiving. Alle fans av Stones og klassisk rock generelt skal sjølvsagt ha denne!

Konserten på Marquee blei i utgangspunktet filma for amerikansk fjernsyn. No blir den endelig gitt ut via Eagle Rock Entertainment, og kan finnast/bestillast frå dei aller fleste musikk- og filmforhandlarar.

SETTLISTE:

1) Live With Me
2) Dead Flowers
3) I Got the Blues
4) Let It Rock
5) Midnight Rambler
6) (I Can’t Get No) Satisfaction
7) Bitch
8) Brown Sugar

BONUSSPOR:
9) I Got the Blues (alternative take 1)
10) I Got the Blues (alternative take 2)
11) Bitch (alternative take 1)
12) Bitch (alternative take 2)
13) Brown Sugar (from Top of the Pops)

Relaterte sakerBlu-ray
Kommentarer:
Klikk for å legge til en kommentar
ANMELDELSE
2. juli 2015
admin kinomagasinet

Relaterte sakerBlu-ray

Siste saker fra ANMELDELSE

Anmeldelse: Star Wars: The Bad Batch: sesong 2 – episode 1-6

Matias Kjølstad8. januar 2023
Les mer

Anmeldelse: Star Wars: Andor: sesong 1

Matias Kjølstad30. november 2022
Les mer

Anmeldelse: Star Wars: Tales of the Jedi

Matias Kjølstad26. oktober 2022
Les mer

Anmeldelse: Star Wars: Andor: episode 1-4

Matias Kjølstad21. september 2022
Les mer

Anmeldelse: Cobra Kai Sesong 5

Matias Kjølstad15. september 2022
Les mer

Anmeldelse: Ringenes herre: Maktens ringer

Jon Smeland Olsen3. september 2022
Les mer
VIDEOMAGASINET

VIDEOMAGASINET.no er et produkt fra JB Forlag, Halfdan Kjerulfs vei 6A, 1410 KOLBOTN.

Redaktør: John Berge • Tlf. 975 99 007

Design: Per Mork • Tlf. 411 43 640

Alt innhold er copyrightbeskyttet og kan ikke gjengis uten tillatelse.

© 2013-2022 JB Forlag. VIDEOMAGASINET startet 6. januar 2013.

Siste nyheter

  • Trailer: Mayor of Kingstown – sesong 2
    TRAILER22. januar 2023
  • Trailer: Star Wars: The Mandalorian – sesong 3
    TRAILER22. januar 2023
  • Anmeldelse: Star Wars: The Bad Batch: sesong 2 – episode 1-6
    ANMELDELSE8. januar 2023
  • Gratulerer med dagen, til oss selv!
    VIDEOBRANSJEN7. januar 2023

Stikkord sky

Blu-ray Forsiden DVD Kino VOD Teknologi Blu-ray 3D Video UHD 4K Trailer Anmeldelse Disney Netflix star wars fremhevet Film Filmtips Marvel action Musikk strømming Serietips skrekk spenning thriller Hjemmekino TV-serie The Bad Batch superhelt

© 2013-2023 JB Forlag. Hurra, vi har drevet i ti år nå! VIDEOMAGASINET startet 6. januar 2013.

Scroll for more
Tap
  • Populært

  • Siste

  • Kommentarer

  • Anmeldelse: Star Wars: The Bad Batch: sesong 2 – episode 1-6
    ANMELDELSE8. januar 2023
  • Storslagen gjenforening av Mirren og Ford
    VOD (KLIKKEFILM)7. januar 2023
  • Gratulerer med dagen, til oss selv!
    VIDEOBRANSJEN7. januar 2023
  • Trailer: Star Wars: The Mandalorian – sesong 3
    TRAILER22. januar 2023
  • Trailer: Mayor of Kingstown – sesong 2
    TRAILER22. januar 2023
  • Trailer: Star Wars: The Mandalorian – sesong 3
    TRAILER22. januar 2023
  • Anmeldelse: Star Wars: The Bad Batch: sesong 2 – episode 1-6
    ANMELDELSE8. januar 2023
  • Gratulerer med dagen, til oss selv!
    VIDEOBRANSJEN7. januar 2023
  • norske tv serier på dvd – My Blog says:

    […] 10.000 av ny norsk TV–serie – VIDEOMAGASINET […]

  • Blogg 3 – Publisering av åndsverk i digitale medier. – Eivind Lohndal says:

    […] Foto: videomagasinet.no […]

  • John Berge says:

    Man bestemmer jo selv om man vil skru på varmen,…

  • Jens Bonde says:

    Skal man sitte å svette i ræva på kino da?…

Sidebanner 2

Facebook

Sidebanner 3

Sidebanner 4

Sidebanner 5

Blu-ray-anmeldelse: The Who Live at Shea Stadium 1982
Anmeldelse: Interstellar