FILMFAKTA
Videogramfakta:
Twin Peaks: The Entire Mystery (Blu-ray)
Paramount / 1990-91 / 1503 minutt (serien) + 134 (filmen) + masse bonus
Video: 1080p HD, 4:3 (serien)/1.85:1 (filmen)
Audio: Engelsk DTS-HD Master Audio 7.1
Utgivingsdato: 29. juli 2014
HANDLING
Den søvnige byen Twin Peaks heilt nordvest i USA blir snudd på hodet då high school-jenta Laura Palmer blir funne drept.
Ein av dei definitivt kultseriane i moderne tid er for første gong samla komplett i HD. Med eit tonn (nesten bokstaveleg talt) bonusmateriale!
Nyheita om at David Lynch var involvert i å lage «ein såpeopera for amerikansk fjernsyn» slo ned som ei bombe i 1989. Det var rett og slett vanskeleg å førestille seg at mannen bak nøysommeleg oppbygde og atmosfæriske filmar som Eraserhead og Blue Velvet ville klare å finne ei tilfredsstillande uttrykksform i den mest konservative mediainstitusjonen av dei alle. Men jo fleire detaljar som kom om prosjektet, jo meir lovande virka det heile. Då det kom fram at serien var tufta på skaparane sine eigne premiss var det grunn til å glede seg.
Twin Peaks blei skapt av David Lynch og Mark Frost, og sendt i USA i 1990-91. Den hadde norsk premiære hausten 1990. David Lynch er kjend for sine surrealistiske filmar utan konvensjonell logikk eller openbar forløysing, og det er inga tvil om at også denne serien er full av Lynch sine varemerker.
Jakta på drapsmannen til Laura Palmer i den tilsynelatande uskuldige og søvnige fjellbyen Twin Peaks gjorde eit usliteleg inntrykk på publikum verda over då serien blei lansert for 24 år sidan. Serien blei umiddelbart lagt merke til på grunn av gjennomarbeida og mildt sagt spesielle miljø og rollefigurar. Den sterkt cinematiske tilnærminga gjorde også at alt rett og slett såg uforskamma bra ut, med eit visuelt uttrykk bortimot samtlege seriar til då berre kunne drøyme om. Og så var det historia, då. Ei av dei største TV-mordgåtene i moderne tid. For ikkje å nemne alle dei andre underfundige tinga som skjedde i byen Twin Peaks. Linjene mellom draum og verkelegheit var ofte uklare, og ein var heller ikkje alltid sikker på om det som skjedde på skjermen var av det gode eller onde. Slik kan det gå når skaparane av serien er av den typen som liker å la publikum gjette og undrast over kva som skjer, noko som også var rimeleg uhørt innan TV-mediet på den tida.
Som publikum var vi tidvis fascinert og forført, tidvis forskrekka og opprørt. Gjerne alt saman samtidig. Men vi var alltid underhaldt. Samtidig var det mange som reagerte med frustrasjon over seriens form, tone og innhald, som dei ikkje forstod. Twin Peaks var ein serie som splitta sjåarane, og som definitivt utfordra det tradisjonelle TV-publikumet. Mange var ikkje klar over kva som traff dei, og visste ikkje korleis dei skulle spise det dei fekk servert. I ettertid har dog serien blitt ståande som ein av dei definitivt kultseriane, som ofte blir kreditert for å eigenhendig ha innleia det mange ser på som TV-serianes gullalder.
Twin Peaks endra heile TV-landskapet då den først blei sendt. Boka som inneheldt reglane med kva ein kunne og ikkje kunne gjere blei kasta ut vindauget og fullstendig omskriven. Serien flytta på mange målpostar som hadde stått på staden kvil i fleire tiår, noko seriane som kom i tida etter Twin Peaks – t.d. X-Files (som heilt i starten til og med blei referert til som «det nye Twin Peaks») fekk ei lettare oppgåve sidan Twin Peaks alt hadde gått opp stiane som mange av desse seriane bevega seg inn på – og tatt store deler av publikums vrede for å være ukonvensjonell, merkelig, ubehagelig, eller rett og slett rar. Etter Twin Peaks såg dei fleste seriane til samanlikning svært normale ut.
Det vanlege er å dele Twin Peaks inn i fire separate delar eller faser: piloten, sesong ein, sesong to, og filmen Fire Walk With Me.
Piloten blei laga rundt ni månedar før neste episode blei produsert. I tilfelle serien ikkje kom til å bli plukka opp, bestilte produsentane ein versjon med ein meir avsluttande historie som dei tenkte dei i verste fall kunne selge til Europa, derav ofte omtalt som «den europeiske piloten». Den er rundt 20 minutt lenger enn den ordinære, har ein noko tilgjort og ikkje optimal slutt, og er ikkje ansett som offisiell i forhold til sjølve historia. Men fascinerande er den uansett, for fleire element er med her i svært rå form som kom til å bli desto meir utvikla og inkludert seinare. Ikkje minst gjeld dette det såkalte «raude romet».
Basert på den openbare kvaliteten til piloten blei ytterligare sju episodar bestilt, og desse kom saman med piloten til å utgjere sesong ein. Det var utan tvil ei god beslutning, og serien fekk ein knallstart då piloten endte opp med å bli den høgast rangerte TV-viste filmen i 1989/90-sesongen med ei Nielsen-rating på 21.7. Nesten 35 millionar fekk den med seg på TV – eit svært godt resultat for eit nytt show. Sesong ein er generelt ansett for seriens beste periode. Lynch og Frost var framleis ganske involvert, og serien fanga raskt merksemda til publikum verda over.
I tillegg til seriens skaparar skal skodespelarane framhevast. Eg synes eigentleg at dei aller fleste leverer veldig bra prestasjonar, men skal ein framheve nokre av dei kjem ein ikkje utanom Kyle MacLachlan som er strålande i rolla som FBI-agenten Dale Cooper. Ray Wise er uforgløymeleg som Leland Palmer, og er kanskje den skodespelaren i serien som meir enn nokon andre får vist fram heile sitt register. Sheryl Lee er sjølve ansiktet til serien som Laura Palmer, og gjer ein flott innsats som både Laura (i tilbakeblikk og draumesekvensar) og som Laura si kusine Madeleine.
Musikken i serien er nesten ein eigen karakter, og i verdsklasse. David Lynch hadde jobba med Angelo Badalamenti i tidlegare filmar og han var eit veldig naturleg val for Twin Peaks. Musikken er atmosfærisk, rolig, tidvis surrealistisk og ofte drømmande. Av og til er den ulidelig vakker, andre tider er den direkte skummel. Musikken fargelegg den aktuelle scena til dei grader, og det er ikkje utan grunn at plata med musikken frå filmen solgte i bøtter og spann. Dei som i si tid såg serien på TV har sannsynlegvis gløymt mykje av historia, men eg er sikker på at dei aller fleste framleis klarer å nynne hovedtemaet frå serien.
Etter den eventyrlige suksessen til sesong 1 blei serien sjølvsagt fornya. Den andre sesongen besto av eit større antal episodar (tjueto – ein kraftig auke!), og på grunn av press frå produsentane og TV-kanalane blei identiteten til Laura Palmer sin mordar avslørt berre sju episodar ut i sesongen. Lynch/Frost hadde eigentleg ingen konkrete planar om å avsløre mordaren, men gav til slutt etter for presset. Dette laga eit lite vakuum i serien, sidan den ikkje umiddelbart hadde ei ny hovedhistorie som tydelig tok over. Dette samanfalt med at Lynch/Frost ikkje var like tungt involvert som tidlegare. Andre regissørar kom inn, og andre forfatterar tok også over utviklinga av serien – dels fordi seriens skaparar var opptatt på anna hald. David Lynch var t.d. i gang med innspelinga av filmen Wild At Heart på dette tidspunktet.
Det blir ofte påpeikt at regissørane som kom inn i Twin Peaks på denne tida gjorde eit poeng ut av å være merkelige for å leve opp til dette stempelet, noko som ikkje kan beskrivast som noko anna enn ein misforstått strategi. Lynch/Frost aldri hadde som mål å være spesielt merkelige i seg sjølv. Det var meir snakk om å ha ein personleg stil innan historieforteljing som kanskje blei oppfatta slik, men som mest av alt hadde noko eige og vedunderleg ved seg – rett og slett eit særpreg som ikkje kven som helst umiddelbart kan replisere.
Summen av alt dette er at midten av sesong to framstår som svakare enn resten. Det var neppe tilfeldig at det var på dette tidspunktet publikum begynte å svikte serien, men drastisk blei det ikkje før dei høge herrar blei nervøse og bestemte seg for å flytte serien frå det optimale tidspunktet på torsdag kveld til ingenmannsland på laurdag. Det var nesten som å gi serien dødsstøtet, og førte til at ratinga sank som ein stein. Serien hadde fortent litt meir tolmod, for den tok seg veldig opp igjen mot slutten av sesong to då nye og spanande oppfølgingstrådar blei etablert. Spesielt sesongfinalen (skreve og regissert av Lynch sjølv) er ein mektig «tour de force» som vitnar om at serien framleis hadde eit enormt potensiale og mange historier å fortelje i ein eventuell sesong tre. Men serien var i realiteten kansellert alt før sesongfinalen blei sendt.
Lynch nekta å gi opp, og gav serien eit liv etter døden då han bestemte seg for å produsere ein spelefilm som fokuserte på dei sju siste dagane i Laura Palmer sitt liv. Det var ein trøblete produksjon prega av kranglar og bitterheit med fleire av dei sentrale aktørane frå serien. Lara Flynn Boyle (Donna) nekta å være med, og er bemerkingsverdig nok også ein av få involverte som aldri har latt seg intervjue om serien og nærast glimrar med sitt fråvær gjennom alt som fins av ekstramateriale i boksa. Ei ueinigheit med MacLachlan reduserte også agent Cooper si rolle i filmen til ei glorifisert birolle (noko som resulterte i ein ny karakter – agent Desmond, glimrande spelt av Chris Isaak). Filmen sin tone var også veldig annleis enn TV-serien – langt meir alvorlig og tungsinna. Det passa svært godt til historia som blei fortalt, men var ei stor endring frå TV-serien, og filmen var i det store og heile dømt til å ikkje leve opp til forventningane. Filmen blei bua av publikum på filmfestivalen i Cannes – ei enorm endring etter at Wild At Heart fekk ståande applaus og vann hovedprisen berre to år tidlegare. Filmen blei også slakta av kritikarane og rett og slett avvist av kinopublikumet (der den totalt tjente mindre enn $5 mill. USD). Filmen var effektivt dødsstøtet til Twin Peaks-franchisen og det såg ut som vi hadde nådd slutten på eit eventyr.
…i alle fall inntil nyleg. I den siste TV-episoda seier Laura Palmer følgande til Dale Cooper i det raude romet: «I’ll see you again in 25 years.» Og den 5. oktober 2014 kom nyheita vi har venta på i nettopp 25 år: Showtime har bestilt ni nye episodar av Twin Peaks, som vil utgjere sesong tre. Serien blir laga av David Lynch og Mark Frost. Serien vil plukke opp att tråden 25 år etter forrige TV-episode, og målet er å ha med så mange som mogleg av dei opprinnelege skodespelarane i tillegg til nye. Kven som blir med er enno ikkje bekrefta, men dette er uansett vanvittig gledelige nyheiter for fansen og meir enn nokon realistisk turte å håpe på!
Innpakninga:
The Entire Mystery-samlinga er pakka i ei flott boks som utvilsamt har den lekraste presentasjonen eg nokonsinne har sett. Boksa er av tjukk papp, med eit pent bilde av Laura Palmer på omslaget. Det øverste laget med papp er dog utforma som om det er knust, og under det øverste laget kan ein sjå det ikoniske bildet av ei død Laura Palmer under. Alt henspeglar sjølvsagt på dobbeltlivet ho levde, som først og fremst blir undersøkt i Fire Walk With Me-filmen men også er sentralt i serien. Boksa ser uforskamma bra ut, og det er tydelig at designet er både gjennomtenkt og påkosta. Ikkje ta for gitt at framtidige opplag av denne boksa vil behalde dette lagvise papptrykket.
Innsida ser enno bedre ut. Gløym alle andre bokser, for dette er ei langt større estetisk nytelse enn noko anna du har sett tidlegare. Boksa har ikkje eit lokk som du tek av, men er laga som ei kiste du opnar med lokket ståande, med ei lite band som held det opent. Inni er kvar disk plassert lagvis i eigne lommer, som må løftast opp individuelt via ein flipp i hjørnet og kan bli lagt opp mot det ståande lokket. Det går ikkje an å løfte opp alle samtidig, for flippane er plassert på annakvart hjørne, så ein må gå lagvis ned i boksa. Kvart lag avslører nye bilder og element frå serien, så å grave seg nedover i boksa blir såleis ei reise gjennom seriens tema.
Som nemnt, estetisk sett er dette ei nytelse. Praktisk sett er dette dog svært tungvint. Sjølvsagt har eg til tider ønska at det var mogleg å få tak i den disken eg er ute etter litt raskare. Sannsynlegvis vil det kome ein billigversjon av denne boksa før eller seinare, med ei meir konvensjonell oppbevaring av diskane i plastholderar og med langt enklare tilgjengelegheit til kvar individuelle disk. Men vil eg heller ha den, eller vil eg ha den langt meir tungvinte boksa eg har no, med sitt flotte design? Inga tvil: eg er nok nøgd med det eg har, trass alt.
Langt meir utilgiveleg er den totale mangelen på oversikt over innhaldet på diskane, og då tenker eg på ekstramaterialet. Ingen stad på boksa, hverken innvendig eller på utsida, er det spesifisert kva ein får av bonusmateriale her, eller kva disk ein kan finne forskjellige ting på. Faktum er at det er enorme mengder bonusmateriell her, og at ein ikkje ønsker å nemne noko av dette på boksa eingong frå eit PR-perspektiv er merkelig. Det einaste som blir eksplisitt nemnt er The Missing Pieces, som er namnet på dei 90 minutta som var klipt bort frå Fire Walk With Me-filmen. Dette er rett nok den største rosina i pølsa, men det er samtidig berre tippen av isfjellet. Lynch har nok ønska ei reinast mogleg boks på utsida, men at ein ikkje får ei eller anna form for oversikt på innsida heller er langt meir merkelig. Sjølv om det fins ein eigen disk for bonusmateriale nederst i boksa er materialet i realiteten spreidd over samtlege diskar, og eg fleire gongar nesten gått manngard frå disk til disk for å finne igjen noko spesifikt. Ein plass i bakgrunnen smiler sikkert Lynch og er godt fornøgd med det, men det skal eg love at eg ikkje er. Dette er og blir ei innvending mot boksa sitt design.
Presentasjonen på sjølve diskane er dog like pene som resten av boksa. Ved oppstart må ein gjennom ein CBS Home Entertainment-logo før språkvalgmenyen. Etter rettigheitsplakatar på valgt språk og ein DTS-HD Master Audio-logo kjem ein inn til hovedmenyen. Den er på engelsk uavhengig av valgt språk. Menyskjermen på kvar disk i boksa har fått eit unikt bakgrunnstema i form av ein atmosfærisk filmsnutt med musikk og sitat frå filmen – døme på slike tema er skog, kaffi, vatn, pai, doughnuts og andre liknande småtema frå serien. Menyen er organisert i forskjellige basisval som ekspanderer når ein vel dei – t.d. «Play all», «Episodes» og «Set up». Går ein inn på episodane kan ein velje kvar enkelt, og under der igjen velje avspeling, avspeling med intro, samandrag av førre episode og/eller kva som kjem i neste. Dei sistnemnte promoane var sjølvsagt i si tid brukt av TV-kanalane til promotering.
Bildet:
Det er litt spesielt å vurdere seriar/filmar som ein «alltid» hatt i hylla. Dette må være fjerde gongen eg har skaffa meg serien på eit format. Eg hadde i si tid heile serien på VHS, som blei erstatta av dei individuelle sesongane på DVD. Denne blei igjen avløyst av The Definitive Gold-DVD-boksa kort tid etter. No tek vi altså steget opp i full HD.
Eg føler meg difor på solid grunn når eg seier at vi tek eit langt steg oppover kvalitetsmessig. På den andre sida skulle dette berre mangle. David Lynch har oversett den nye overføringa i 1080p/AVC MPEG-4, og bildet framstår med eit heilt nytt detaljnivå. I bortimot samtlege episodar ser eg detaljer i sett, kostymer og produksjonsdesign som eg aldri har lagt merke til før. Kontrastane er rike, og fargane sterke og vibrante. Eg meiner å sjå tendensar til ei fargedragning mot raud, og er ikkje sikker på om dette er gjort med vilje eller ikkje, men trur til sjuande og sist ikkje at Lynch lar slike ting vere opp til tilfeldigheitene. Fargen raud er jo viktig fleire plasser i serien, og uansett kler det seriens stemning godt dei gongane det merkast.
Sjølv om Twin Peaks markerte ein milepæl i å innføre vakker cinematisk fotografering i TV-seriar, var det framleis eit program produsert for TV med eit stramt innspelingsskjema og relativt lavt budsjett (samanlikna med filmar). Det er nok difor ikkje heilt rettferdig å krevje det same frå TV-episodane som frå filmen, som er merkbart bedre. Ikkje slik å forstå at TV-episodane ikkje er gode, men dei er ikkje heilt på det same nivået. Det er t.d. av og til små problem med fokuset. Dei mørke nattescenene – og dei er det jo ein del av – er heller ikkje alltid heilt solide og framstår tidvis som kornete. Verre er det at dette er synleg også i nokre scener med dagslys, og ein kan spørje seg om dette ikkje kunne blitt fiksa i løpet av digitaliseringsarbeidet. Uansett er nok dette svakheiter i den opprinnelege produksjonen som her blir avslørt av HD-formatet.
Samtlege episodar frå TV-serien er gjengitt i den originale 4:3 aspektratioen med svarte boksar på sidene. Filmen Fire Walk With Me er derimot utvida til 1.85:1. Generelt sett er teksturtettheita langt høgre i spelefilmen, som også har mindre visuell støy. Om dette skuldast at filmen fekk ei betre videooverføring eller om den hadde eit større budsjett og betre produksjonsverdiar i utgangspunktet er vanskelig å seie, men det sistnemnte er i alle fall ei sannsynleg og naturleg forklaring. Filmen er uansett bortimot perfekt visuelt sett og står til definitiv toppkarakter.
Lyden:
David Lynch har også vore involvert i overhalinga av lydsporet til kvar einaste TV-episode i tillegg til filmen, som har heilt nye DTS-HD Master Audio 7.1-lydmiks. Lynch er svært opptatt av lyd og bruker alltid mykje tid på dette på alle utgivingane sine. Samtidig har han ironisk nok utvikla ein aversjon mot surroundlyd dei seinare åra, og føretrekk ofte ein 3.1-konfigurasjon der det meste skjer i fronten av lydbildet, med lite til ingenting i området bak lytteposisjonen.
Heldigvis er han litt meir slepphendt denne gongen, for Angelo Badalamenti sine atmosfæriske musikkspor fyller ofte rommet frå alle kantar. Tidvis kan det kome andre lydar bakfrå også, men for det aller meste er det utelukkande musikken som står for surroundlyden her. Gitt at Lynch ofte bortimot slår av dei bakre høgtalarane i dei fleste filmane sine, er det nesten ein uventa bonus at dei er brukt overhodet. Det får ein ta med seg.
Sjølv om det er nokre variansar ute og går frå episode til episode, er lydkvaliteten jamt over svært god. Badalamenti sin filmmusikk er nesten like ikonisk som sjølve serien. Den er atmosfærisk og rikhaldig med ein djup resonans, og bidreg massivt til atmosfæra. Dialogen og det generelle lyddesignet framstår svært tydelig, og nokre lydeffektar – som rusande motorsyklar – har ein god, rumlande bass.
Sidan Fire Walk With Me er ein heilaftens spelefilm, framviser den sjølvsagt ei langt større dynamisk rekkevidde enn TV-episodane. Kopiane av filmen som blei sendt rundt til kinoane inneheldt eit notat som ba maskinistane om å skru opp volumet. Sekvensane som tek stad i Partyland-nattklubben har dundrande høglydt musikk som med vilje druknar dialogen. Denne sekvensen, saman med den som tek stad i «det raude romet», har engelske undertekstar når dialogen er vanskeleg få med seg.
Bonusmateriell:
Boksa er ei gullgruve for alskens bonusmateriale. Mykje er samla på dei siste diskane i boksa, men veldig mykje er også spreidd ut over alle diskane i boksa. Det skal seiast at mykje av innhaldet har vore tidlegare tilgjengelig på tidlegare DVD-utgivingar – både individuelle sesongar, Gold-boksa og på nokre utgåver av Fire Walk With Me. Men ein del er også nytt, og andre ting er oppgradert til HD i denne boksa.
Hovudinnvendinga mi går ikkje på innhald, men på oversikt. Ikkje ein einaste plass på det ytre omslaget, inne i boksa, eller på sjølve diskane, finn ein nokon som helst indikasjon på kva som fins av bonusmateriell på desse diskane, og naturlig nok dermed heller ikkje kvar ein evt. kan finne det. Dette kan føre til irriterande leiteaksjonar etter spesielle ting ein måtte ønske å kikke på. Tatt i betraktning dei hyggelige mengdene det er snakk om skulle ein også tru at dette var noko produsenten ønska å få fram som eit salsargument.
Vi får heller trø hjelpande til med ei oversikt. Først går vi gjennom innhald som er nytt og eksklusivt for den nye Blu-ray utgivinga, presentert disk-for-disk:
- Twin Peaks Sneak Peeks (3 minutt – disk 2). Korte promosnuttar for episodane i sesong 1, der Kimmy Robertson (som karakteren Lucy) fortel om kva som skjer i byen. Desse har høg kvalitet og er morsomme!
- A Slice of Lynch: Uncut (56 minutt – disk 3). David Lynch, Kyle MacLachlan, Madchen Amick og produksjonsansvarleg John Wentworth har ein aldri så liten reunion på ein restaurant der dei deler anekdotar og diskuterer korleis Twin Peaks blei til og historier frå tida då serien blei laga. Svært morsomt og underhaldande. Opprinneleg filma for Gold-boksa, men versjonen dei inkluderte der var berre ein snau halvtime lang. Denne er altså nesten det doble.
- Sletta scener (8 minutt – disk 4). Tolv korte scener som blei kutta ut (eller korta ned) frå sine respektive episodar. Fire av desse blei presentert i Gold-boksa, medan åtte er heilt nye.
- Outtakes (2 minutt – disk 4). Bloopers og tøys og tull. At det berre fins to minutt med slikt framstår som merkelig, men det seiest at Lynch ikkje er ein stor fan av slikt, så ein får være glad for det ein får.
- The Missing Pieces: sletta og utvida scener (92 minutt – disk 9). Kanskje den aller største grunnen til å skaffe seg boksa sjølv om ein har alt frå før, er dette. Lynch har alltid produsert langt meir materiale enn det er plass til i den endelige filmen, med det resultatet at filmen først tek form under klippinga. I dette tilfellet har vi bortimot ein heil ekstra film med scener som ikkje fekk plass i Fire Walk With Me.
- Between Two Worlds (38 minutt – disk 10). David Lynch sit rundt eit bord saman med dei tre medlemma av Palmer-familien (Leland, Sarah og Laura) der karakterane fortel om korleis dei har det i dag. Og ja, to av dei er døde. Etter denne sekvensen bytter dei modus til ein samtale mellom regissøren og skodespelarane, og humøret letter betrakteleg. Vesentleg meir interessant enn ein skulle tru, som gir små glimt av kva som skjedde i Twin Peaks også i tida etter serien.
- Moving Through Time: Fire Walk With Me memories (30 minutt – disk 10). Ein retrospektiv dokumentar om korleis filmen blei til. Dei fleste intervjua er frå ei tid tilbake, men har ikkje blitt vist i andre samanhengar. Merk at denne inneheld fleire spoilers.
- The Missing Pieces Teaser (2 minutt – disk 10). Meir eller mindre ei annonse som lokkar med dei sletta/utvida scenene frå filmen.
- Fire Walk With Me fotogalleri (disk 10). Massevis av bilder frå filminnspelinga, inkludert frå scener som ikkje er med i filmen.
- Atmospherics (13 minutt – disk 10). Kvar disk i serien har ein eigen menyfilm med eit spesielt tema. Dette er video/lydsporet frå kvar av desse menyfilmane utan forstyrrande element. Langt ifrå essensielt, men sikkert kjekt å ha.
Alt dette kjem i tillegg til innhald som har blitt publisert som bonusmateriell på tidlegare DVD-utgåver, igjen presentert disk for disk:
- Log Lady Intros (1 minutt pr. episode – alle diskane). David Lynch produserte desse introane på 90-talet, der Catherine Coulson (som The Log Lady) deler sine abstrakte observasjonar om kva som skjer. Ikkje forvent all verdens innsikt av desse.
- Episodic trailers (alle diskane). Dei fleste episodane kan spelast saman med ein «Previously on Twin Peaks» og «Next on Twin Peaks»-trailer, av den typen som blir brukt på TV. Ikkje essensielt, men kjekt å sjå denne grundigheita i å samle alt som fins.
- Pilot Episode: International Edition (113 minutt – disk 1). Ein av betingingane bak finansieringa av piloten var at det blei presentert ein versjon med ein avsluttande slutt i tilfelle serien ikkje blei plukka opp. Denne versjonen blei distribuert i Europa og blei dermed kjent som «the European Pilot». Den unike slutten (som legg til 20 minutt til speletida) er ikkje spesielt god, og er ikkje ansett som ein del av Twin Peaks-kronologien. Det fekk dog Lynch til å tenke ut scena med «det raude rommet» som kom til å dukke opp i framtidige episodar.
- Sesong 1 bildegalleri (disk 2). Først og fremst mange herlige bilder frå «bak kamera».
- Promos (5 minutt – disk 3). Ei samling med (stort sett) morsomme og snedige klipp som annonserer ein episodemaraton og ei tidsendring.
- Sesong 2 bildegalleri (disk 3).
- Return To Twin Peaks (20 minutt – disk 5). Ein dokumentar om ein Twin Peaks fan-festival der ein møter deltakarar, følger dei gjennom festivalen og aktivitetane som skjer. Meir underhaldande enn ein skulle tru.
- Location Guide (8 minutt – disk 5). Eit «no-og-då»-type interaktivt kart over Twin Peaks, der ein ser lokasjonane slik dei var under innspelinga av serien samanlikna mot korleis dei var ein del år seinare (i 2006).
- 17 Pieces of Pie: Shooting At the Mar T (aka RR) Diner (10 minutt – disk 5). Eit intervju med eigaren av kafeen som blei ein ikonisk del av serien.
- Mark Frost intervju med Wrapped In Plastic (15 minutt – disk 5). Dei to redaktørane av det velkjente Twin Peaks-magasinet held eit telefonintervju med Mark Frost, som har fleire interessante ting å dele om utviklinga til serien.
- Learning To Speak in the Red Room (4 minutt – disk 5). Michael J. Anderson viser korleis dei øvde seg på å snakke baklengs, som igjen blei avspelt baklengs for å produsere surrealistiske (men forståelege) talemønster.
- An Introduction To David Lynch (22 minutt – disk 5). Intervju med skodespelarar og mannskap som set lys på Lynch si enorme rolle i Twin Peaks sitt uttrykk. Sjølv er eg mest fascinert over at vi blir «introdusert» til Lynch utan å eigentleg bli introdusert til han, sidan han ikkje er med i denne dokumentaren i det heile tatt. Anekdotane er morsomme, utan å avsløre alt for mykje nytt.
- Lucy Bumpers (2 minutt – disk 5). Elleve små snuttar med overgangar frå serie til reklame. «It’s time for a donut! Twin Peaks will be right back.»
- 1-900 Hotline (23 minutt – disk 5). Då serien var på topp, satte produsentane opp såkalte hotlines der fans kunne ringe inn og høyre på innspelte beskjedar av karakterane i serien. Disken inkluderer ei TV-annonse for denne tenesta og åtte av beskjedane. Lydkvaliteten er tåleleg, ikkje noko meir.
- Production documents (disk 5). Eit fotogalleri med sider frå manus, produksjonsnotat, innspelingsskjema osv.
- Image Galleries (disk 5). Dette galleriet inneheld bilder tatt av skodespelaren Richard Beymer (Ben Horne), offisielle publiseringsfotos og bilder frå den offisielle Twin Peaks samlekortserien.
- Postcards from the Cast (60 minutt – disk 6). Ei enorm samling med intervjusnuttar frå nesten samtlege av dei sentrale skodespelarane i serien, der dei snakkar om nesten kva som helst – både Twin Peaks-relatert, men også andre ting.
- Promos (1 minutt – disk 6). To snuttar annonserer på sarkastisk vis at serien flytter til laurdagar.
- Cast Interviews (46 minutt – disk 7). Fleire intervju, med totalt tretten av skodespelarane. Det spesielle med dette er at ein tabell bryt opp kvart intervju for kvar skodespelar inn i «Origin», «Production» og «Legacy».
- Crew Interviews (23 minutt – disk 7). Seks medlem av produksjonsstaben pratar i veg. Fem av dei er regissørar som fekk prøve seg på 1-2 episodar i løpet av den andre sesongen, medan den siste er Jennifer Lynch (ja, det er dottera!) som var forfattaren av den storselgande boka «Secret Diary of Laura Palmer» som kom ut på den tida.
- Lucy’s Special Announcement (1 minutt – disk 8). Den opprinnelege kringkastinga av episode 27 inneheldt ei annonsering lest opp av Kimmy Robertson som fortalte kva dato sesongfinala ville bli sendt.
- Secrets From Another Place: Creating Twin Peaks (106 minutt – disk 8). Den definitive dokumentaren om produksjonen av Twin Peaks. Produsert for Gold-boksa, med eit utal intervju med alle moglege involverte. Mange spennande glimt frå innspelinga, også frå bak kamera.
- Archival Interviews (6 minutt – disk 9). Ei samling med intervjuklipp frå 1993 der Ray Wise, Sheryl Lee, Moira Kelly og Madchen Amick promoterer den då nye Fire Walk With Me-filmen.
- Reflections on the Phenomenon of Twin Peaks (31 minutt – disk 10). Opprinneleg produsert for «Fire Walk With Me»-DVDen i 2002, med intervju av skodespelarane (og ein stakkars fan som virkelig ser ukomfortabel ut på kamera).
- Trailers (4 minutt – disk 10). To trailerar for Fire Walk With Me, som overraskande nok er fulle av rimelig sentrale spoilers.
Dette er ei liste som er så lang at eg reknar med dei fleste berre har skumlest den. Dette er utan tvil ei svært hyggelig mengde bonusmateriell. Men heilt komplett er dette dessverre ikkje. Den originale utgivinga av sesong 1 på DVD hadde sju kommentarspor som aldri har dukka opp andre stader. Det seiast at Lynch ikkje er ein stor fan av kommentarspor og ba om at dei blei utelatt frå Gold-boksa. Ein får anta den same galskapen også gjaldt Blu-ray boksa.
Nokre få ting frå Gold-boksa manglar også på Blu-ray: Kyle MacLachlan si Saturday Night Live-episode, ein Julee Cruise musikkvideo, og fem reklamesnuttar for kaffi med eit sterkt Twin Peaks-tema som Lynch regisserte for det Japanske markedet. Eg antek at alt dette var utelatt på grunn av rettigheitsproblematikk.
Dette blir likevel for småtteri å nemne i forhold til dei mengdene ein trass alt har å grave seg ned i. Så får resten av oss som treng absolutt alt klamre oss fast til dei forskjellige DVD-samlingane ei stund til.
Oppsummering:
25 år har gått etter at piloten først gjorde eit usletteleg inntrykk på TV-publikum verda over, men serien framstår framleis like original og spenstig i dag. Den har ikkje mista evna til å undre og forbløffe. Dette er første gongen vi har fått alle 30 episodane i serien og filmen saman i ei og same pakke. Videooverføringane til HD er solide, og både gamalt og nytt bonusmateriale byr på timevis med ekstra underhaldning – ikkje minst dei legendariske ekstra sekvensane frå Fire Walk With Me.
Trass dette held serien fram med å tidvis stige frå sin eigen aske. Serien er frustrerande uferdig der historia slutter midtvegs, men serien var uansett dømt til å få ei veldig sterk «cult following» som med tida har blitt rimelig stor. Dessutan skal ein ikkje underslå dei enorme kvalitetane serien trass alt har, og på sitt beste skein lyset frå denne serien så intenst at den var med på å endre TV-landskapet til noko langt bedre. Arven frå Twin Peaks er der framleis i dag, og serien er like fascinerande i dag som den alltid var. Den er modig, surrealistisk og ekstremt cinematisk i uttrykket, i freidig fornekting over sin eigen alder. Serien ser rett og slett uforskamma bra ut sin alder tatt i betraktning, og er framleis ein serie som er langt forut si tid.
Dette er boksa som fansen har venta på i lang tid. Det er alt ein fan måtte ønske seg. Dette er ein av dei beste Blu-ray utgivingane i år, og sannsynlegvis på mange år. Denne skal du ha. Og så snakkast vi om to år når sesong tre kjem. Du finn meg på kafeen RR Diner, der eg koser meg med ein «damn good cup of coffee» og kirsebærpai.
RSS