
FILMFAKTA
Foo Fighters – Sonic Highways (Blu-ray)
Regi: Dave Grohl
Persongalleri: Foo Fighters (Dave Grohl, Taylor Hawkins, Pat Smear, Nate Mendel, Chris Shiflett), Butch Wig, Rami Jaffee - og eit utal meir eller mindre kjente musikarar
Musikk: Foo Fighters og mange andre
Aldersgrense: PG (generelt for alle)
Egna for: musikkinteresserte i alle aldre
Lansert: 06.04.2015 på Blu-ray og DVD
Utgivar: Sony Music Entertainment
Skjermformat: Widescreen 1.78:1 (16x9)
Lydsystem: Engelsk Dolby Digital 5.1 Surround og PCM (ukomprimert) 2.0 stereo
Teksting: Engelsk, fransk, italiensk, nederlandsk, portugisisk, spansk, svensk og tysk
HANDLING
Serien på åtte episoder tek oss med på ei reise gjennom amerikansk musikkhistorie og ser nærare på kva som er særeigent ved kva by sitt unike lydbilde.
Vi følger Foo Fighters på denne reisa. Dei har som mål å undersøke dei nevnte særeigenheitene og lage låter inspirert av historia, særeigenheitene og lydbildet til byane dei er i. Desse låtane skal (hvis alt går bra) tilsaman utgjere Foo Fighters sitt nye album.
Sonic Highways byr opp til ei eventyrleg reise gjennom amerikansk musikkhistorie. Videomagasinet lar seg lokke, og vi ser nærare på kva som møter oss.
Dave Grohl er sannsynlegvis ein av dei triveligaste og mest likandes rockestjerner som fins. Han er erkeeksempelet på at ein kjem langt med ein jordnær og inkluderande stil, er ydmjuk og fullstendig utan nykker. Så har han også opplevd litt av kvart, og veit at det er kort veg frå topp til botn.
Grohl er sannsynlegvis like godt kjend som trommeslagar i Nirvana som han er som frontfigur, vokalist og gitarist i sitt nye band Foo Fighters. Skjønt, «nytt band»? Bandet har jaggu holdt det gåande i 20 år allereie!
Og det er her tanken bak Sonic Highways kjem inn: bandet ønska å gjere noko for å feire dei 20 åra sine som band. Gjerne noko som ingen, eller i det minste veldig få, hadde gjort før. Det er lettare sagt enn gjort. Fins det virkeleg nye steinar å snu for eit rockeband i dag?
Det dei endte opp med å gjere, var å planlege ein studioturné. Dei valgte seg ut åtte amerikanske byar som alle har ei djup og rik musikkhistorie, og satte opp base i kvar by ei periode for å prøve å bli ein del av det lokale musikkmiljøet. Målet var å lage låter som hadde djupe røter i kvar av byane sin musikalske historie og identitet.
Det er altså denne reisa (både fysisk og musikalsk sett) som blir dokumentert i denne dokumentarserien, som består av åtte timeslange episoder – ei episode frå kvar by.
Dei åtte byane, som altså gir namn til kvar si episode, er Chicago, Washington D.C., Nashville, Austin, Los Angeles, New Orleans, Seattle og New York.
Dave Grohl regisserer serien sjølv, og beskriv prosjektet som «eit kjærleiksbrev til amerikansk musikkhistorie». Han intervjuar ei heil rekke personer frå det lokale musikkmiljøet, og det kan like gjerne være verdsstjerner som lokale og ukjende musikarar.
Grohl er like interessert i bluesartisten med gitar på gatehjørnet som artisten som har solgt fleire titals millionar album verda over.
Det virkar heller ikkje som om Grohl har problem med å få tak i dei intervjuobjekta han vil ha – til og med president Barack Obama ender opp i sofaen med Grohl for å diskutere musikk!
Ein kunne elles ha ramsa opp namn til det kjedsommelige, men spesielt imponerande er det å sjå Grohl henge med Dolly Parton, Paul Stanley (KISS), Nancy Wilson (Heart), Willie Nelson, Billy Gibbons (ZZ Top), Roky Erickson, Joe Walsh (Eagles) og Duff McKagan (Guns N’ Roses).
Grohl er først og fremst musikkfan, og har bevart den barnslige gleda og entusiasmen for musikken. Dette viser veldig tydeleg, og smitter over både på dei han interakterar med og sjåarane. Dette kjem til sin rett då han klarer å ha trivelige samtalar også med personlegheiter som tradisjonelt har vore vanskelege intervjuobjekt, som Steve Albini og Ian MacKaye.
Sjølv om Grohl er regissør er han opptatt av at dette skal være eit Foo Fighters-prosjekt, og forsøka på å også la dei andre i bandet ta sin del av historieforteljinga er nok velmeinte, men ikkje like vellykka. Gitarist Pat Smear er tørr som sandpapir, og den mediesky trommisen Taylor Hawkins framstår lite entusiastisk. Dette har nok Grohl innsett også, så resten av bandet er representert i mindre doser.
Serien har blitt sendt på NRK1, så mange vil nok ha fått med seg episoder der allereie. Det du ikkje fekk der var dei utrulege mengdene med bonusmateriale som Blu-ray-utgivinga byr på: over tre timar med bonusmateriale i form av utvida intervju og sekvensar som ikkje fekk plass i episodane. Det går ikkje an å klage på dette – herlig!
Gjengivinga på Blu-ray er teknisk solid, med skarp bildekvalitet og spesielt herlig lyd, noko som er veldig viktig i musikksekvensane der alle kanalar får kjørt seg godt og har herlig trykk.
Det er verdt å merke seg at nokre få sekvensar i kvar episode ser ut til å være skutt med amatørkamera, eller består av eldre materiale, så det er sjølvsagt ikkje optimal HD-kvalitet på alt dette. Men sidan det dreier seg om historisk viktige klipp som tilfører dokumentaren mykje, er det veldig lett å tilgi.
Dokumentaren bør appellere til alle som liker gode musikkdokumentarar og/eller er generelt interessert i musikkhistorie – eller kanskje berre er interessert i byane det er snakk om.
Som sagt innleiingsvis er Dave Grohl ein knakande kjekk kar, og det er ei fascinerande reise han byr opp til her. Eg kan bortimot garantert at du vil trivast i hans selskap, sjølv om du ikkje skulle være ein stor Foo Fighters-fan. Dette har blitt unike musikalske billedbrev frå kvar by, og sjansen er stor for at du vil takke Grohl og co. på dine kne for at dei lot deg få være med på denne reisa.
Seksarar skal definitivt ikkje rullast i tide og utide, men dette er rett og slett ein eineståande dokumentar som ikkje kan anbefalast nok.
RSS