• Nyheter
  • Anmeldelser
  • KOMMENTAR
  • Konkurranser
  • Om oss
  • Kontakt
VIDEOMAGASINET
  • Nyheter
  • Anmeldelser
    • Anmeldelse: Cobra Kai Sesong 6 Del 2 (av 3)
    • Anmeldelse: Agatha All Along Sesong 1
    • Anmeldelse: Twilight of the Gods Sesong 1 (Netflix)
    • Anmeldelse: Terminator Zero: sesong 1
    • Anmeldelse: «The Union» (Netflix)
  • KOMMENTAR
    • HBO MAX sin House of the Dragon: Meget imponerende audiovisuell kvalitet
    • De små ting teller
    • Det synger på siste verset for fysisk videosalg
    • Du er ikke lat eller dum om du ser på Netflix
    • Derfor har jeg tro på UHD-formatet
  • Konkurranser
    • Konkurranse: Miss Peregrines Home For Peculiar Children
    • En absolutt fabelaktig konkurranse!
    • Vi introduserer et nytt menypunkt: KONKURRANSER
  • Om oss
  • Kontakt
  • RSS

ANMELDELSE

Blu-ray-anmeldelse: LEGO Justice League vs. Bizarro League

Justice League vs. Bizarro League må ikkje undervurderast! Ein uventa godbit for små og store, proppfull av referansar til teikneseriane frå 70- og 80-talet.

: LEGO DC Super Heroes: Justice League vs. Bizarro League

4
Karakter:
Bilde:
Lyd:
Bonus:
review-image

Konklusjon:

Eksterne lenker. Les mer her:

Blu-ray-anmeldelse: LEGO Justice League vs. Bizarro League
admin
22. februar 2015

FILMFAKTA

Regi: Brandon Vietti
Skuespillere: Diedrich Bader, Troy Baker, Nolan North, Khary Payton, Kari Wahlgren
Musikk: Tim Kelly
Aldersgrense: 7 år
Egnethet: Barn / Familie

HANDLING

Bizarro er den forvirra klona til Supermann, som alltid lager trøbbel når han prøver å hjelpe til. Supermann sender han difor til sin eigen planet Bizarro World! Når denne verda kjem under trussel skjer det uventa ting, og Justice League blir involvert.

Folk flest vil ikkje forvente all verda av ein «rett-på-video»-film med LEGO-logo på seg. Av og til med rette, men i dette tilfellet vil det være ei klar undervurdering.

LEGO-merkevaren har etter kvart gjort inntog på nesten alle moglege underhaldningsarenaer – også film.

Ein kan trygt seie at dei første LEGO-filmane var famlande og tannlause forsøk på å lage noko for dei yngste aldersgruppene, men det har skjedd ei veldig positiv utvikling her dei seinare åra.

The LEGO Movie viste ein gong for alle at det er fullt mogleg å lage ein heilaftans spelefilm med LEGO-tema som ikkje berre er for barna, men for heile familien – inkludert eit vaksent publikum.

Dette skal ein være klar over, for The LEGO Movie er ikkje eit eineståande fenomen. Dette er ei endring som har skjedd sakte, men sikkert. LEGO-stilen er definitivt spesiell, og i utgangspunktet laga for å appellere til dei yngre, men kvaliteten og publikumsprofilen har endra seg med tida.

Ein kan ikkje lenger avfeie noko som barnslig eller lite interessant «fordi det er LEGO».

Filmen vi skal snakke om i dag er eit veldig godt døme på dette. Justice League vs Bizarro League er ikkje først og fremst ein «LEGO-film». Det er ein animert action/komediefilm som tilfeldigvis er gjort i LEGO-stilen.

LEGO Batman-karakteren er som vanleg ein av hovedpersonane, og sannsynlegvis den mest populære karakteren dei har. Det starta med Lego Batman-spelserien som kom i 2008 – det første LEGO-spelet som kom ut på konsollar og PC. Etter dette har det kome fleire spel og filmar med Batman-karakteren som hovedfigur, inkludert den heilaftens animerte filmen LEGO Batman: the Movie frå 2013. Med ei sterk historie og høge produksjonsverdiar fekk den veldig gode skussmål.

Populæriteten gjorde det heilt naturleg å la Batman bli ein av dei ledande karakterane i The Lego Movie frå 2014. Den har akkurat same innfallsvinkel som tidlegare filmar og produkt: spennande og morsomt for barna, men med massevis av referansar og humor som utan tvil kun dei vaksne vil oppfatte og setje pris på. Filmen blei ein enorm suksess, og populariteten til Batman-karakteren i filmen var så høg at ein spin-off-film med Batman alt har blitt annonsert. Denne har blitt planlagt lansert i 2017, og vil bli pusha såpass hardt at oppfølgaren til The LEGO Movie blei utsatt til året etter.

Midt i alt dette dukka altså LEGO Justice League vs. Bizarro League opp, nærast ut av det blå og utan fanfare. Det er igjen snakk om actionkomedie for dei yngste med masser av referansar for dei vaksne. Kvifor endre på ein vinnande formel?

Filmens historie er enkel og grei. Supermann-klona Bizarro ønsker også å være ein helt og gjere gode gjerningar, men ting ender som regel i kaos og øydeleggelse når han involverer seg. Når innbyggerane i Metropolis stadig forveksler Bizarro med Supermann, beslutter mannen av stål seg for å finne ein ny heim for han – på ein annan planet! Men det er berre starten på eit større og meir dramatisk problem, som Supermann treng hjelp av Justice League – og spesielt Batman, som nettopp har blitt med i gruppa for å holde eit auge på Supermann som han ikkje stoler på – for å ordne opp i.

Ein av dei morsomme tinga ved LEGO sin Batman-figur er at han definitivt ikkje er glad i Supermann. Det verste som kan skje er at Supermann kjem og redder dagen når han sjølv har alt under kontroll. Han stoler heller ikkje på Supermann, og venter berre på at han skal vise sitt sanne ansikt som superskurk. I påvente av dette har han eit hemmelig stæsj med kryptonitt, for å stoppe Supermann når det skulle trengast.

Justice League vs. Bizarro League er sjølvsagt ingen klassikar, men likevel sjarmerande god. Den minner meg veldig om den typen historier ein kunne lese om i Supermann-bladet på 1970-talet.

Dialogen er morsom, og plottet passe intrikat og manuset inneheld mange gode idear. Handlinga er veldig «old school» i stilen, og det at Bizarro-karakterane blir dradd fram er definitivt retro. Dei har knapt blitt brukt i blada sidan tidleg på 1980-talet, og har vel aldri vore med i nokre filmatiseringar før.

Dette er definitivt den typen historier eg skulle ønske dei turte å lage kvar gong dei rebooter Supermann eller andre levande spelefilmar frå DC, og ender opp med eit eller anna som knapt er gjenkjennbart som dei superhistoriene eg vaks opp med.

Filmen er rett og slett ein uventa enorm opptur for ein gammel seriefan som meg.

Den tekniske presentasjonen er også svært god. Dette er ingen enkel animasjonsfilm som har blitt kasta saman på billigaste vis. Det vi får er ein film som er svært skarp, klar og tydelig (forventa), samt rikholdig på teksturar (gledelig overrasking) – frå trådane i kapper og kostymer til små ujamnheiter på legobrikkane som gir dei eit individuelt preg.

Legg ein til ein sprudlande og leiken fargebruk og herlig djubde så er dette summa summarum ein presentasjon som er eigna til å imponere.

Lydsporet er også bra, sjølv om det hovedsakleg benytter dei framre høgttalarane. Det tek vekk litt av romkjensla. Filmen har OK med bass utan å briljere. Sjølve effektane sit godt, med eit friskt lyddesign som passer det ein ser på skjermen. Alt av dialog kjem også klart og tydeleg fram, sjølv i meir actionsentrerte sekvensar.

Sjølve filmen er i kortaste laget med sine 46 minutt, men bonusmaterialet kjem til redning og sørger for at ein likevel får god valuta for pengane.

Ein bonusfilm på nær 25 minutt er rosina i pølsa. Den fortel historia om korleis Batman til slutt gjekk med på å bli med i Justice League, og er like god som hovedfilmen. Ser ein desse under eitt kjem opp i ei heilt akseptabel totallengde med originalmateriale.

I tillegg får vi gode dokumentarar om produksjonen med litt teikneseriehistorikk, eit sett med spesiallaga tabber (som rett og slett er svært morsomme) og fleire sniktittar.

Alt i alt er dette ein film som er trygg å vise for dei fleste barn i skulealder og over, samtidig som vaksne fans av superseriar og –filmar definitivt får sitt også. Eit veldig godt alternativ til familiekino ein søndag ettermiddag!

Videogramfakta:

LEGO DC Comics Super Heroes: Justice League vs. Bizarro League (Blu-ray)
Warner Bros. / 46 min
Sjanger: animasjon/action/komedie
Video: 1080p
Format: 2.40:1
Audio: DTS-HD Master Audio engelsk 5.1. og Dolby Digital 5.1 for dansk, finsk, norsk, svensk og spansk
Tekst: Norsk, svensk, dansk, finsk, fransk, spansk
Sone A, B og C
Bonus: Ein ekstra bonusfilm, dokumentar, previews, “sletta” scener og tabber.
Lanseringsdato: 09.02.2015

Relaterte sakerBlu-ray
Kommentarer:
Klikk for å legge til en kommentar
ANMELDELSE
22. februar 2015
admin kinomagasinet

Relaterte sakerBlu-ray

Siste saker fra ANMELDELSE

Anmeldelse: Cobra Kai Sesong 6 Del 2 (av 3)

Matias Kjølstad19. november 2024
Les mer

Anmeldelse: Agatha All Along Sesong 1

Matias Kjølstad13. november 2024
Les mer

Anmeldelse: Twilight of the Gods Sesong 1 (Netflix)

Matias Kjølstad23. september 2024
Les mer

Anmeldelse: Terminator Zero: sesong 1

Matias Kjølstad29. august 2024
Les mer

Anmeldelse: «The Union» (Netflix)

Stian Karlsen18. august 2024
Les mer

Anmeldelse: Star Wars: The Acolyte Sesong 1

Matias Kjølstad23. juli 2024
Les mer
VIDEOMAGASINET

VIDEOMAGASINET.no er et produkt fra JB Forlag, Halfdan Kjerulfs vei 6A, 1410 KOLBOTN.

Redaktør: John Berge • Tlf. 975 99 007

Design: Per Mork • Tlf. 411 43 640

Alt innhold er copyrightbeskyttet og kan ikke gjengis uten tillatelse.

© 2013-2022 JB Forlag. VIDEOMAGASINET startet 6. januar 2013.

Siste nyheter

  • Anmeldelse: Cobra Kai Sesong 6 Del 2 (av 3)
    ANMELDELSE19. november 2024
  • Anmeldelse: Agatha All Along Sesong 1
    ANMELDELSE13. november 2024
  • Anmeldelse: Twilight of the Gods Sesong 1 (Netflix)
    ANMELDELSE23. september 2024
  • De største TV-nyhetene fra Disney-messen D23 i 2024
    TV12. september 2024

Stikkord sky

Forsiden Blu-ray DVD Kino VOD Teknologi Blu-ray 3D Video UHD 4K Anmeldelse Trailer star wars Disney Netflix fremhevet Film Marvel Filmtips action Musikk strømming The Bad Batch Serietips skrekk thriller TV-serie spenning dc Dee Bradley Baker

© 2013-2023 JB Forlag. Hurra, vi har drevet i ti år nå! VIDEOMAGASINET startet 6. januar 2013.

Scroll for more
Tap
  • Populært

  • Siste

  • Kommentarer

  • Anmeldelse: Cobra Kai Sesong 6 Del 2 (av 3)
    ANMELDELSE19. november 2024
  • Anmeldelse: Agatha All Along Sesong 1
    ANMELDELSE13. november 2024
  • Anmeldelse: Twilight of the Gods Sesong 1 (Netflix)
    ANMELDELSE23. september 2024
  • De største TV-nyhetene fra Disney-messen D23 i 2024
    TV12. september 2024
  • Iris Jasmine Liana Mcclure says:

    This blog has opened my eyes to new ideas and…

  • Extended Opportunity says:

    Are you still using Calendly to schedule your calls and…

  • Extended Opportunity says:

    Word's First NLP & ML Based Email, Voice & Video…

  • Extended Opportunity says:

    MobiApp AI - True Android & iOS Mobile Apps Builder…

Sidebanner 2

Facebook

Sidebanner 3

Sidebanner 4

Sidebanner 5

Blu-ray-anmeldelse: Annabelle
Anmeldelse: Kingsman: The Secret Service