• Nyheter
  • Anmeldelser
  • KOMMENTAR
  • Konkurranser
  • Om oss
  • Kontakt
VIDEOMAGASINET
  • Nyheter
  • Anmeldelser
    • Anmeldelse: Cobra Kai Sesong 6 Del 2 (av 3)
    • Anmeldelse: Agatha All Along Sesong 1
    • Anmeldelse: Twilight of the Gods Sesong 1 (Netflix)
    • Anmeldelse: Terminator Zero: sesong 1
    • Anmeldelse: «The Union» (Netflix)
  • KOMMENTAR
    • HBO MAX sin House of the Dragon: Meget imponerende audiovisuell kvalitet
    • De små ting teller
    • Det synger på siste verset for fysisk videosalg
    • Du er ikke lat eller dum om du ser på Netflix
    • Derfor har jeg tro på UHD-formatet
  • Konkurranser
    • Konkurranse: Miss Peregrines Home For Peculiar Children
    • En absolutt fabelaktig konkurranse!
    • Vi introduserer et nytt menypunkt: KONKURRANSER
  • Om oss
  • Kontakt
  • RSS

ANMELDELSE

Blu-ray-anmeldelse: Madagaskarpingvinene

Pingvinane frå Madagaskar-filmserien er tilbake, og for første gongen har dei hovedrollene i ein spelefilm! Madagaskarpingvinene får terningkast fire av VIDEOMAGASINETs anmeldar.

: Madagaskarpingvinene

4
Karakter:
Bilde:
Lyd:
Bonus:
review-image

Konklusjon:

Eksterne lenker. Les mer her:

Blu-ray-anmeldelse: Madagaskarpingvinene
admin
25. mai 2015

FILMFAKTA

Madagaskarpingvinene (Blu-ray)
Originaltittel:
Penguins of Madagascar
Regi: Eric Darnell, Simon J. Smith
Skodespelarar (stemmer): Tom McGrath, Benedict Cumberbatch, Ben Stiller, Jada Pinkett Smith, John Malkovich, Chris Rock, John DiMaggio, Nicole Sullivan
Norske stemmer: Anders Hatlo, Duc Mai The, Hauk Heyerdahl, Mads Ousdal, Jon Øigarden, Stig Henrik Hoff, Charlotte Frogner, Simon Andersen
Musikk: Lorne Balfe
Aldersgrense: 7 år
Egnethet: Barn / Familie
Lansert: 23.03.2015 på Blu-ray 3D, Blu-ray og DVD
Utgjevar: Fox-Paramount Home Entertainment
Skjermformat: Widescreen 1.78:1
Lydsystem: DTS HD Master Audio 5.1 og Dolby Digital True HD engelsk og norsk tale
Teksting: Norsk, svensk, dansk, finsk

HANDLING

Superspionar blir ikkje født... dei klekkast! Oppdag hemmelegheitene bak dei beste og morosamaste pingvinane i hele spionbransjen: Skipper, Kowalski, Rico og Menig. Denne elitegruppa slår seg saman med den hemmelige organisasjonen, Nordavinden, som leiast av Agent Hemmelig. Saman må dei stoppe skurken Dr. Oktavius Blekk frå å øydelegge verda slik vi kjenner den!

Pingvinane frå filmserien Madagaskar får endeleg sitt eige eventyr på storlerretet. Vi følger desse globetrotterane på ei reise som tek dei til Antarktis, Venezia, ørkenen, Shanghai, New York City (...og Kentucky), der deira spionasje-emner blir satt på prøve når dei må stanse den onde Dr. Blekk - og fortære ostepop - som ingen pingvinar nokonsinne har gjort.

«Spin-off»-filmen Madagaskarpingvinene er no på Blu-ray, med ein fantastisk lyd- og bildekvalitet. Men holder filmens øvrige kvaliteter mål?

Pingvinane var utan tvil dei kulaste figurane i Madagaskar-filmane. Men det skulle gå lang tid før spelefilmen om dei som «alle» venta på endelig kom.

Dei fire pingvinane frå Madagaskar-filmserien har blitt så populære at ein nesten gløymer at dei i utgangspunktet «berre» var bifigurar.

Vi såg tidleg at pingvinane hadde utallige talent, opererte som hemmelege agentar etter nærast militaristiske prinsipp, og var alltid dei som redda dagen. Igjen og igjen.

Det var inga stor overrasking at dei fekk sin eigen TV-serie. Den har gått i fleire sesongar med godt over hundre individuelle episodar, og den er langt på nær over enno. Serien blei raskt populær, og i folks auge var det berre eit tidsspørsmål før det også ville kome ein heilaftans spelefilm.

Hovedgrunnen til at dette tok mykje lenger tid enn forventa var paradoksalt nok den enorme populariteten til pingvinane.

Ein heilaftans spelefilm om pingvinane har vore undervegs sidan 2005, då den første Madagaskar-filmen blei lansert. Den var dog planlagt som ein rett-til-video film, og skulle lanserast i 2009. Då den andre Madagaskar-filmen kom i 2008 fekk pingvinane sine sekvensar atter veldig sterk respons, og ein begynte å tenke litt større. Den første filmen blei i staden ein TV-serie, medan ein sakte men sikkert la større planar.

Annonseringa om at pingvinane ville få sin eigen film med fullverdig kinolansering og fullt produksjonsbudsjett kom på Comic-Con i 2012, og filmen blei til slutt lansert til Thanksgiving-helga 2014.

Handlinga i filmen held fram ganske umiddelbart etter slutten på den tredje Madagaskar-filmen. TV-serien er altså sett på som sjølvstendige historier, og er ikkje sett på som ein del av kronologien til filmane.

I beste James Bond-stil starter filmen med ein lengre opningssekvens før kredittane. Her møter vi pingvinane i barndomsåra og lærer litt meir om bakgrunnen til at dei endte opp i dyreparken frå Madagaskar-filmane der vi har møtt dei tidlegare.

I notida møter vi pingvinane i det dei er i ferd med å bryte seg inn i Fort Knox. Reine Goldfinger-plotet opp ad dage, med andre ord! Målet er naturlegvis ikkje gullet som er oppbevart der, men ein snacksautomat som inneheld favorittmerket med ostepop.

At det heile viser seg å være ei felle orkestrert av erkefienden er ikkje veldig overraskande, og utan å avsløre for mykje fører dette til ei jakt som tek pingvinane til mange spanande lokasjonar verda over med større og mindre oppdrag for å stoppe denne erkefienden.

Ein kan ikkje klage over filmens tempo. Det skjer noko nesten heile tida. Filmen er rask, og replikkane enno raskare! Kommentarane sit svært laust, og fans av tørr humor får definitivt sitt her. Dette er kanskje filmens styrke – i alle fall frå eit vaksent perspektiv. Ein kan saktens lure på om dialogen til tider er for smart for det unge kjernepublikumet, ikkje minst med alle sine popkulturelle referansar. Men dei unge får uansett også sitt i form av eit heidundrande action- og gagshow.

Filmen er som ein energidrikk som ikkje går tom før filmen er over. Eg synes eigentleg det er ganske fornøyelig å bli bombardert med inntrykk på denne måten. Dei utallige innfalla er ofte morsomme, ofte overraskande med uventa vriar, og for min del sjeldan for mykje av det gode. Men ein må nok være i det rette humøret for denne typen film.

Trass alt må ein innrømme at historia ofte tek eit baksete til gags, vitsar og dei individuelle sekvensane som utfolder seg på skjermen. Om dette er eit problem? Nei, ikkje for min del, men eg forstår dei som lar seg irritere av at historia forsvinn litt til tider.

Galskapen ligg bokstaveleg talt rundt kvart hjørne i denne filmen og rett som det er hoppar den fram. Men kven har vel ikkje opplevd plutselege utspring av mutasjonar som like gjerne kan resultere i ei ekstra hand som tilfeldigvis stikk ut av rompa? Slike ting er daglegdags i pingvinane sitt univers.

Bildekvaliteten er med på å heve filmens uttrykk. Det er ein digital presisjonproduksjon med presis fargebruk, eit utruleg auge for detaljar og. Denne filmen viser at digitale produksjonar har kome svært langt. Teksturane har ei klarheit og detaljrikdom som ein sjeldan ser like tydeleg presentert i «ekte» filmar.

Lydsporet er tilsvarande klart, veldefinert, volumiøst på dei rette plassane, presis gjengiving og med ei herlig tyngde i dei lavare frekvensane. Til tider er lydsporet kanskje noko travelt, men dialogen er uansett klart og tydeleg gjengitt i sentrum av lydbildet.

Medan ein snakker om dialogen… Eg må innrømme at eg føretrekk dei engelske originalstemmene framfor dei norske. Det har eg for så vidt alltid gjort. Dei sit som eit skot, har ei herlig entusiastisk leveranse, og med Benedict Comberbatch og John Malkovich på laget i denne filmen har dei også ein stjernefaktor som utvilsomt gjer noko med opplevinga.

Bonusmaterialet er grunt og lite interressant for andre enn dei yngste. Klipp som viser danserutiner skal du få svært billig av meg. Dei små annonseklippa er småmorsomme, men over på eit blunk.

Dette er meir eller mindre ein actionfilm for eit ungt publikum, og fungerer veldig bra som dette. Sjølv om handlinga nok vil framstå noko usofistikert for eit vaksnare publikum vil nok også desse la seg underhalde av overfloden av idear og den kjappe, tørrvittige dialogen. Samtidig gjer ein flott teknisk presentasjon med ei fantastisk videokvalitet og eit flott lydspor sitt til at ein blir like blåst bort i sofaen heime som pingvinane blir i filmen.

Relaterte sakerBlu-ray
Kommentarer:
Klikk for å legge til en kommentar
ANMELDELSE
25. mai 2015
admin kinomagasinet

Relaterte sakerBlu-ray

Siste saker fra ANMELDELSE

Anmeldelse: Cobra Kai Sesong 6 Del 2 (av 3)

Matias Kjølstad19. november 2024
Les mer

Anmeldelse: Agatha All Along Sesong 1

Matias Kjølstad13. november 2024
Les mer

Anmeldelse: Twilight of the Gods Sesong 1 (Netflix)

Matias Kjølstad23. september 2024
Les mer

Anmeldelse: Terminator Zero: sesong 1

Matias Kjølstad29. august 2024
Les mer

Anmeldelse: «The Union» (Netflix)

Stian Karlsen18. august 2024
Les mer

Anmeldelse: Star Wars: The Acolyte Sesong 1

Matias Kjølstad23. juli 2024
Les mer
VIDEOMAGASINET

VIDEOMAGASINET.no er et produkt fra JB Forlag, Halfdan Kjerulfs vei 6A, 1410 KOLBOTN.

Redaktør: John Berge • Tlf. 975 99 007

Design: Per Mork • Tlf. 411 43 640

Alt innhold er copyrightbeskyttet og kan ikke gjengis uten tillatelse.

© 2013-2022 JB Forlag. VIDEOMAGASINET startet 6. januar 2013.

Siste nyheter

  • Anmeldelse: Cobra Kai Sesong 6 Del 2 (av 3)
    ANMELDELSE19. november 2024
  • Anmeldelse: Agatha All Along Sesong 1
    ANMELDELSE13. november 2024
  • Anmeldelse: Twilight of the Gods Sesong 1 (Netflix)
    ANMELDELSE23. september 2024
  • De største TV-nyhetene fra Disney-messen D23 i 2024
    TV12. september 2024

Stikkord sky

Forsiden Blu-ray DVD Kino VOD Teknologi Blu-ray 3D Video UHD 4K Anmeldelse Trailer star wars Disney Netflix fremhevet Film Marvel Filmtips action Musikk strømming The Bad Batch Serietips skrekk thriller TV-serie spenning dc Dee Bradley Baker

© 2013-2023 JB Forlag. Hurra, vi har drevet i ti år nå! VIDEOMAGASINET startet 6. januar 2013.

Scroll for more
Tap
  • Populært

  • Siste

  • Kommentarer

  • Anmeldelse: Cobra Kai Sesong 6 Del 2 (av 3)
    ANMELDELSE19. november 2024
  • Anmeldelse: Agatha All Along Sesong 1
    ANMELDELSE13. november 2024
  • Anmeldelse: Twilight of the Gods Sesong 1 (Netflix)
    ANMELDELSE23. september 2024
  • De største TV-nyhetene fra Disney-messen D23 i 2024
    TV12. september 2024
  • Iris Jasmine Liana Mcclure says:

    This blog has opened my eyes to new ideas and…

  • Extended Opportunity says:

    Are you still using Calendly to schedule your calls and…

  • Extended Opportunity says:

    Word's First NLP & ML Based Email, Voice & Video…

  • Extended Opportunity says:

    MobiApp AI - True Android & iOS Mobile Apps Builder…

Sidebanner 2

Facebook

Sidebanner 3

Sidebanner 4

Sidebanner 5

Anmeldelse: Tomorrowland
VOD-anmeldelse: Nightingale