FILMFAKTA
Regi: Wes Ball
Skuespillere: Dylan O'Brien, Aml Ameen, Ki Hong Lee, Blake Cooper, Thomas Brodie-Sangster, Wll Poulter, Kaya Scodelario
Musikk: John Paesano
Aldersgrense: 11 år
Egnethet: Ungdom / Voksen
Distributør: Fox-Paramount
HANDLING
Basert på den bestselgande boka med same namn, foregår handlinga i The Maze Runner i ei post-apokalyptisk verd. Thomas blir plassert i eit samfunn av unge menn utan å huske noko anna enn namnet sitt. Når han og dei andre innser at dei er fanga inne i ein labyrint bestemmer dei seg for å samarbeide om å kome seg ut av den, samt å avsløre den skremmande sannheita om kven som har plassert dei der og kvifor.
The Maze Runner er ein dystopisk framtidsfantasi med fantastiske/futuristiske element.
Denne typen filmar har blitt spesielt populær blant unge vaksne dei seinare åra. Men filmen klarer fint å appellere til fleire. Eg er nok ikkje akkurat… ehm, midt i denne målgruppa sjølv lenger, men eg fant filmen ganske fornøyeleg likevel!
Historia følger den 16-årige Thomas, portrettert av Dylan O’Brien (The Internship, The First Time). Filmen startar i det han kjem opp av eit hol i bakken via ei rusten gamal heis. Han er bevisstlaus og utan hukommelse, men blir tatt hand om av folk på overflata som tidlegare har havna der på akkurat same måten.
Thomas har havna i eit område i midten av ein enorm labyrint der det bur ei gruppe gutar på omtrent same alder. Denne gruppa har budd der i fleire år, og alt gjort fleire forsøk på å finne vegen ut av labyrinten. Samtidig har dei prøvd å bygge opp eit samfunn i det frodige området i midten. Mange av gutane har slått seg til ro med at dei må leve der livet ut.
Labyrinten er nemleg både enorm og intrikat, og endrar stadig form. Det er vanskeleg å få oversikt over den – spesielt sidan dei berre kan undersøke deler av den i slengen. Dørene til labyrinten glir opp kvar morgon, og lukker seg igjen kvar kveld. Den som ikkje er tilbake då overlever ikkje til morgonen, sidan labyrinten fyller seg med alskens monster når mørket kjem.
Ei lita gruppe, kalt «maze runners», har difor fått oppdraget med å springe inn i labyrinten kvar morgon, prøve å kartlegge den så godt dei kan i sin søken etter ein veg ut, og kome seg tilbake før dørene blir lukka om kvelden.
Thomas blir raskt fascinert av labyrinten, og viser ei sterk interesse for å bli ein «maze runner». Om han blir det til slutt? Kva trur du?
Filmen er spennande og byr på eit interessant univers. Den bygger også opp ei rekke spennande mysterium: kva er eigentleg hemmelegheita bak labyrinten? Kvifor eksisterer den? Og kvifor har alle dei unge blitt plassert der dei er? Kva er greia med heisa i bakken der nye unge regelmessig dukker opp? Kva er det som evt venter bak labyrinten, hvis det i det heile tatt er mogleg å kome seg ut?
Filmen er regissert av Wes Balt, og dette er den første heilaftens spelefilen han har regiansvaret for. Han har ei allsidig merittliste som produksjonsmedarbeidar på mange andre filmar, m.a. ein heil del scenografi. Noko han tydeleg har nyttiggjort seg her.
Historia som blir fortalt er basert på boka med same tittel av James Dashner. Det er den første i ein trilogi, og planane er at alle bøkene skal filmatiserast. Det betyr m.a. at mange av dei mysteria som filmen byr på ikkje blir oppklart i denne første filmen.
Akkurat dette kan det være greitt å være klar over på førehand, for filmen slutter med ein ganske solid cliffhanger. Dette er ingen sjølvstendig film – dette er del 1 av 3. Dette kan kanskje opplevast som frustrerande dersom ein ikkje var klar over det i utgangspunktet og blir hengande midt i lufta, men samtidig er dette eit fenomen som har blitt godt etablert gjennom Tolkien-filmatiseringane, Harry Potter-serien m.m.
Bildekvaliteten er nær toppskiktet. Filmen er full av fabelaktige bilder med rike kontrastar, god fargebruk og mange flotte detaljar. Det som likevel gjer størst inntrykk er lydsporet. Det er heilt i toppskiktet, med eit 360° lyddesign der alle kanalane er heilt optimalt brukt. Filmen inneheld både action, mystikk og scener med oppbyggande stemning, og samtlige kanalar speler på lag for å få fram stemninga. Lydar glir gjennom rommet, lydane i seg sjølv er fabelaktig designa (kva i alle dager er eigentleg alle lydane ein høyrer frå labyrinten?), og bassen bidreg med slåande og kraftfulle punktum. Rett og slett fantastisk, og ein solid test for kaliberet til lydsystemet ditt!
Saman med eit godt knippe bonusmateriale er dette alt i alt ei solid pakke som trygt kan anbefalast fans av sjangeren. Og så er det greitt å vite at den andre filmen, The Scorch Trials, er klar for kino til hausten 2015. At den ventetida synes lang er eit veldig godt teikn.
Videogramfakta:
The Maze Runner (Blu-ray)
20th Century Fox / 1 t 53 min
Sjanger: Action/Sci-Fi
Video: 1080p
Format: 2.40:1
Audio: DTS-HD Master Audio engelsk 7.1
Tekst: norsk og engelsk
Sone A, B og C
Bonus: Kommentarspor, tre dokumentarar, sletta scener, tabber og karakterdagbok.
Lanseringsdato: 12.01.2015
RSS