: The Who Live At Shea Stadium 1982
Konklusjon:
Eksterne lenker. Les mer her:
The Who Live At Shea Stadium 1982 (Blu-ray)
Regi: The Who
Bandet: Pete Townshend, Roger Daltrey, John Entwistle, Kenney Jones, Tim Gorman
Lengde: 146 minutt
Aldersgrense: Exempt from classification
Lansert: 29.06.2015 på SD Blu-ray, DVD og digitale format
Utgivar: Eagle Vision/Universal Music Group
Skjermformat: 16:9 (4.3PB)
Lydsystem: DTS-HD Master Audio 96/24, LPCM Stereo
FILMFAKTA
The Who Live At Shea Stadium 1982 (Blu-ray)
Regi: The Who
Bandet: Pete Townshend, Roger Daltrey, John Entwistle, Kenney Jones, Tim Gorman
Lengde: 146 minutt
Aldersgrense: Exempt from classification
Lansert: 29.09.2015 på SD Blu-ray, DVD og digitale format
Utgivar: Eagle Vision/Universal Music Group
Skjermformat: 16:9 (4.3PB)
Lydsystem: DTS-HD Master Audio 96/24, LPCM Stereo
HANDLING
Turnéen til The Who i 1982 var den siste med trommeslagar Kenney Jones. Bandet kom ikkje til å gjere fleire turnéar i denne skalaen før 1989. Bandet promoterte det nyaste albumet It’s Hard frå tidlegare same år, og settlista inneheld fleire spor frå dette albumet som aldri kom til å bli spelt igjen etter denne turnéen.
Hovedfilmen inneheld den andre av to konsertar som bandet spelte på Shea Stadium i oktober 1982, med klipp frå den første konserten som bonus. The Who viser nok ein gong kvifor dei har status som eit av dei beste livebanda i rocken.
The Who er eit av dei største banda som kom ut av 60-talet. Konsertfilmen Live At Shea Stadium frå 1982 gjer oss no eit glimt av kva vi gjekk glipp av.
Etter trommeslagar Keith Moon sin død i 1978 heldt The Who det stoisk gåande, sjølv om tapet av Moon fullstendig slo bort beina under dei. På rekordtid fekk bandet inn trommeslagar Kenney Jones (frå Faces/Small Faces) som erstattar, og det blei både nytt album og turné alt året etter. Noko dei neppe hadde hasta så til dei grader med om Moon framleis hadde vore i live.
At bandet nekta å la seg stoppe fortel om ei fandenivoldsk staheit samt lysta etter å vise for alle og einkvar at bandet kunne takle kva som helst.
Det hang like fullt alltid eit spørsmålsteikn over bandets framtid i tida etter Moon. Dei var i realiteten i ubalanse i mange år.
The Who i 1982 var i utgangspunktet ikkje eit band på topp. Tidlegare det året hadde bandet sluppe albumet It’s Hard, det andre med Kenney Jones, som rett og slett ikkje er blant bandet sine beste augeblikk.
Då bandet seinare i 1982 la ut på turné var det imidlertid andre bollar. Bandet leverte ei rekke gode konsertar med eit spennande repertoar. Det var på mange måtar her bandet begynte å finne fotfestet igjen etter Keith Moon sin bortgang, men ironisk nok var dette også den siste store turnéen til bandet før dei la inn årene for ein god del år.
Bortsett frå to oppvarmingskonsertar i England var dette ein rein nordamerikansk turné. The Who var virkeleg svære i Amerika på denne tida, noko som blir gjenspegla i at dei stort sett spelte stadionkonsertar.
Denne utgivinga er frå den 13. oktober 1982 – den andre av to kveldar dei spelte på Shea Stadium i New York, med David Johanson og The Clash som oppvarmingsband. (The Clash gav forøvrig ut eit flott livealbum frå nettopp denne kvelden.)
Shea Stadium har eit visst rockehistorisk sus over seg, for det var her The Beatles spelte den aller første stadionkonserten i 1965. Dei blei udødeleggjort i filmen der ein ser dei springe inn på stadion, heile den lange vegen ut til den einsame scena på midten av grasmatta. Det tok lang tid i ein enorm stadion med svær avstand til publikum.
Nesten 18 år seinare er ting sjølvsagt veldig annleis. Det første som slår meg da The Who inntek scena er at den framstår som overraskande intim, med bandet i nærkontakt med publikum og bandmedlem som står ganske tett saman. Det virkar nesten som ein klubbkonsert. Det hele blir nært, intimt og sveitt – kanskje først og fremst fordi kamera er veldig nær, og til dels på scena. Sjølve scena er godt belyst, men det er veldig mørkt ute blant publikum, noko som forsterker den nevnte klubbkjensla.
Då kameraet zoomar ut etter nokre låtar kjem derimot ei solid «å, dæven»-kjensle. Ein forstår at ein har blitt lurt og ser at dette er riktig så svært! Shea Stadion har altså ikkje krympa med åra likevel! Organisatorane har berre blitt meir profesjonelle i forhold til korleis gjennomføre ein rockekonsert av dette kaliberet. Pluss, The Beatles spelte i fullt dagslys. Det er seint og mørkt når The Who går på. Ein skilnad som kanskje illustrerer det meste.
Det andre som slår meg er framtoninga til bandet. Åttitalet var for mange artistar eit brutalt tiår stilmessig, og eg konstanterar at The Who heller ikkje slapp billig unna. Ein kan undrast over kva som skjedde med dei gamle rockerane der dei spankulerer rundt på scena med kort og velfrisert (og bleika!) hår. Dei er kledt i grufulle dressjakker og dressbukser. Dei har fargerike skjorter og forferdelige 80-tals-slips. Ein blir stum. For å seie det svært forsiktig oser det ikkje akkurat Rock’n’Roll over denne framtoninga. Dette er eit middelaldrande rockeband frå 60-talet som gjer sitt beste for å passe inn i det gryande 80-talet, men som kun avslører full identitetskrise. I alle fall når det gjeld imaget.
Først når bandet begynner å spele forstår ein at det framleis er eit av verdas største rockeband som står på scena. Det ser berre ikkje slik ut. Det kjem seg litt då Pete Townshend kaster dressjakka halvvegs inn i konserten og avslører ein kul tanktop under, men Roger Daltrey trivast dessverre litt for godt i den beige dressen sin og klamrar seg til den til den bitre slutten.
Sjølve sceneutforminga er slåande, og like kul som den er prangande og prega av stormannsgalskap. Eller kva skal ein seie til WHO i enorme neonblå bokstavar, der stolpane i H-en dekker kvar sin ende av scena og heile undersida av tversover-streken utgjer scenetaket? Det framstår som utruleg kult, spesielt i dei mørke omgivnadane!
Settlista er ei god blanding av klassikarar og sjeldant spelt materiale, inkludert fleire låtar frå det nyaste albumet It’s Hard, der dei fleste aldri blitt spelt sidan. Sjølv om dette ikkje er det albumet som blir plukka fram oftast er det på mange måtar desse låtane som blir mest interessante, sidan liveversjonane utan unntak framviser langt større vitalitet enn albumversjonane. Dette er i tillegg låtar som med overhengande sannsynlegheit aldri vil bli spelt live igjen, så dette er den anledninga ein har til å sjekke dei nærare ut.
Gitarist Pete Townshend framstår i stor grad som rock’n’roll-alibiet i bandet. Han angrip gitaren med stor innsats, og alle poseringane frå «vindmølla» til gitarsvingingane er heilt intakte.
Roger Daltrey svinger framleis mikrofonen rundt som i gamle dagar – i alle fall tidvis, men det er i større grad entertaineren Daltrey vi møter her. Men primalskriket som m.a. kjenneteikner låter som Won’t Be Fooled Again har ikkje tapt seg det spor.
Bassist John Entwistle var alltid veldig statisk på scena, og står som ei saltstøtte også her. Men etter Moons død blei han i det minste flytta fram til scenekanten, og berre den vesle endringa betyr meir enn ein skulle tru. Entwistle har ei enorm personlegheit som krever sin plass på scena. I motsetning til resten av mannen beveger i det minste fingrane hans seg heile tida, og det er framleis få bassistar innan rocken som kan gjere hans virtouse bassløp like uanstrengt.
Nokre av låtane frå konserten har dukka opp i andre samanhengar, men dette er første gongen vi får ei offisiell utgiving av heile konserten.
Bildekvaliteten er restaurert og lyden har også fått ein ny miks for denne utgivinga, som blir lansert på DVD, SD Blu-ray og digitale format. Konserten blei aldri spelt inn i HD, så BD-utgåva har oppskalert SD-bildekvalitet. Den kan difor ikkje konkurrere med nye konsertar i full HD, men det er like fullt ei veldig pen og heilt godkjent gjengiving vi får her.
Lyden består av ukomprimert stereo som har blitt knadd om til eit bra DTS-HD Master Audio spor. Igjen, det kan ikkje konkurrere med nye konsertar som er spelt inn i sju kanalar i utgangspunktet, men den originale stereoinnspelinga blei i si tid gjort etter alle kunstens reglar, og resultatet som føreligg lyder veldig bra.
Utgivinga byr som nemnt på den andre av to konsertar bandet spelte på Shea Stadium. Bonusseksjonen inneheld fem låtar frå den første kvelden, som berre dupliserer to spor frå hovedprogrammet. Dette er bra, men eg skulle gjerne sett at utgivinga også inneheldt ein liten minidokumentar om turnéen, kanskje nokre glimt frå bak scena, intervju etc. For arkivutgivingar av denne typen er ein naturlegvis prisgitt kva som fins tilgjengeleg for bruk, men alt for djupt kan ikkje produsenten ikkje ha gravd, for det fins mykje materiale frå denne perioden på YouTube.
Dette er kanskje ikkje den aller første filmen om The Who eg hadde skaffa meg, men hvis 60- og 70-talet alt er representert i samlinga di bør du sterkt vurdere å la denne representere 80-talet. Det er utan tvil det beste alternativet frå dette tiåret – bandets garderobeval til tross!
Alt i alt er dette ein velprodusert konsertfilm med eit band som er i ferd med å finne seg sjølv igjen etter fleire turbulente og usikre år. Og akkurat det er ei fryd å sjå.
Konserten blir gitt ut via Eagle Rock Entertainment den 29. juni, og kan bestillast frå dei aller fleste musikk- og filmforhandlarar.
SETTLISTE:
1) Substitute
2) I Can’t Explain
3) Dangerous
4) Sister Disco
5) The Quiet One
6) It’s Hard
7) Eminence Front
8) Behind Blue Eyes
9) Baba O’Riley
10) I’m One
11) The Punk And The Godfather
12) Drowned
13) Tattoo
14) Cry If You Want
15) Who Are You
16) Pinball Wizard
17) See Me Feel Me
18) Love Reign O’er Me
19) Long Live Rock
20) Won’t Get Fooled Again
21) Young Man Blues
22) Naked Eye
23) I Saw Her Standing There
24) Summertime Blues
25) Twist And Shout
RSS